
PROGRAMMET ER KLART!
Årets Førdefestival nærmar seg og programmet er på plass. Tema i år er musikk og natur. I løpet av 4 dagar kan publikum velje mellom 100 arrangement på 30 arenaer med omlag 300 artistar. Alt om årets artistar finn du her.
Årets Førdefestival nærmar seg og programmet er på plass. Tema i år er musikk og natur. I løpet av 4 dagar kan publikum velje mellom 100 arrangement på 30 arenaer med omlag 300 artistar. Alt om årets artistar finn du her.
Smørbukk-kappleiken vart i år arrangert på Skei samband med fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane. I alt 59 rekruttar/nybyrjarar deltok. Det var stort spenn i innslaga frå solistar i både spel, dans og vokal til vokalgrupper med opp til 18 deltakarar i. Ein kort fotoserie med ein del av deltakarane er lagt ut. Den kjem til å bli oppdatert med fleire foto etterkvart.
Startlista til fylkeskappleik for Sogn og Fjordane 2013 er klar. I alt 55 startnummer skal i aksjon fredag og laurdag på Skei. I tillegg kjem Smørbukk-kappleiken for rekruttar/nybyrjarar. Nedanfor finn du startliste og oppdatert tidsskjema for årets kappleik.
startliste fylkeskappleiken på Skei 5.-6. april 2013 -oppdatert 3.4.2013.pdf
Program for fylkeskappleiken Skei 2013 -oppdatert 2.4.2013.pdf
Arrangørane av årets Fylkeskappleik har lagt ut mange foto og også video frå kappleiken.
Vi oppfordrar alle om å gå inn på heimesida til fylkeskappleik å sjå på desse!
Fylkeskappleiken 2013 nærmar seg raskt. Sjølv om den opphavlege påmeldingsfristen er ute, melder arrangørane at påmeldingssystemet vert ope til og med påskeafta 30.mars. Dermed er det framleis høve til å bli med på årets kappleik. Har du ikkje fått avgarde påmeldinga di enno, gå inn på: paamelding.folkemusikk.no og meld deg på med ein gong!Vi sjåast på Skei!
Vi inviterer til Smørbukk-kappleiken 2013 laurdag 6. april på Skei i Jølster!
Storkurset er dessverre avlyst grunna for få påmelde.