Kurset vil bli lagt opp etter mønster av tidlegare kurs, med John-Erik Hammarberg frå Sverige som hovudlærar og tidlegare kursdeltakarar som hjelpelærarar.

Hovudføremålet er å vekke til live den gamle måten å bruke munnspel til tradisjonsmusikk som reinlendar, vals, masurka, marsj, pols, og å basse "kompe" ved hjelp av tunga til eige spel.

Kurset blir lagt opp på to nivå: Nybyrjarar og dei som har spelt noko før, men også samkøyring av dei to gruppene. I år vil det bli lagt meir vekt på norske melodiar enn tidlegare.

Kurset startar fredag 26. april kl 18.00 og avsluttast søndag formiddag den 28. april.

Instrument: Under kurset nyttar vi diatonisk munnspel i G-dur (ikkje kromatisk). Eit 10-hols munnspel til 250-300 kroner får du i dei fleste musikkbutikkar.

Kursstad: Knausen Hyttegrend og Selskapslokale i Hornindal. Her er det rikeleg plass til oss i hus, hytter og i den fullisolerte låven som er innreia til selskapslokale. Matserveringa ordnar Halkjelsvika Spelemannslag.

Reisemåte: Hornindal ligg 20 minutt med buss frå Stryn. Til Stryn er det bussforbindelse frå heile landet. Næraste flyplassar er Hovden i Ørsta/Volda og Anda flyplass på Sandane.

Fest/konsert: Laurdag kveld blir det fest, konsert og dans etter musikk av Halkjelsvika Spelemannslag og kursdeltakarar.

Kontakt:

Jacob Heltne, 70 07 61 03 / 404 82 696, jacob.heltne@mimer.no eller

Einar Eimhjellen, 952 03 597, eineim@online.no

Påmeldingsfrist er torsdag 4. april. Opplys om namn, telef.nr. epostadresse og om du er nybyrjar eller litt øvd.