Kva er Folkedansespor?

Folkedansespor går ut på å gje born og unge i grunnskulen kjennskap til dei eldste folkedanstradisjonane som t.d. springar og halling, samt runddansar som polka, vals og reinlendar osv. gjennom undervisning i skular. Prosjektet gjennomførast over ca. 6 veker, med ein time per veke per klasse/gruppe/skule. Til å undervise vert det leigd inn to danseinstruktørar og ein musikar per time. Vi prioriter å leige inn dyktige utøvarar og pedagogar til dette prosjektet, som òg er lokale tradisjonsbærarar. 

Hovudmålet med Folkedansespor er å vidareføre den lokale dansetradisjonen gjennom utøving, og det langsiktige målet er etablering av lokale
folkedansemiljø for born og ungdom i Sogn og Fjordane. Eit anna mål er å gje elevar arena for meistring og kreativitet. Folkedansen er òg eit god måte å oppnå sosial kompetanse, fysisk fostring, kroppskoordinasjon og romforståing.


Kvifor Folkedansespor?

På ein måte står folkemusikk sterkt i Norge. Folkemusikken,-songen og -dansen har si eiga Riksscenen, Musikkhøgskolen si eiga folkemusikkutdanning og vi har Rådet for folkemusikk og folkedans. Problemet er berre at folkemusikken har flytta seg fra vanlege folk og blitt ein slags elitemusikk, som jazz. Folkedansen har fått semre fokus og meir eller mindre forsvunne frå lokalmiljøa. Av ulike årsaker slår ikkje folkedansen rot i grunnskulen, med nokre unntak av i sterke folkemusikkområde som Hallingdal, Telemark og Trøndelag. Vestlandsfolkedansarane glimra med sitt fråvær i C-klassen på Landskappleiken i år slik det også har vore dei siste åra.

Før var det dans og musikk i meir eller mindre alle grendehus rundt om omtrent kvar helg, der lokale grupper spelte, og på den måten vart musikken og dansen i vareteke. Dette blei det dessverre slutt på rundt 70/80 talet eingong. Der var også aktive ungdomslag fleire stader som dreiv med kurs og opplæring, spesielt innafor folkedansen. Noregs ungdomslag hadde tilsette som reiste rundt i ungdomslaga og heldt kurs. Dette eksisterer heller ikkje lenger. Tilbodet har dermed tørka bort. Når lokalradioen vår heller ikkje verken nemner resultat frå kappleikar, og omtrent ikkje spelar folkemusikk på radioen, ja, då er det ikkje enkelt å promotere folkemusikken og –dansen i våre dagar.

Uansett skuld meiner vi at barn og ungdom treng å vere trygge på sine eigne folkedanser, si eiga rytme. Norge har eigne folkedansar og folkemusikk som latinamerikanarane har sin salsa og tango og balkanfolket sine ringdansar. Den norske folkedansen må komme attende frå det imaginære folkedansmuseet og bli ein viktig del av den norske kulturen og rytmen. Det er mykje lettare å leve saman med andre folkegrupper dersom folk er trygge på eigen kulturarv. Vi har eit solid rekrutteringsarbeid framfor oss.

 

Her kan du lese rapportar frå Folkedansespor 2023.

Vestland fylkeskommune

Norsk senter for folkemusikk og folkedans