Smørbukk-kappleiken innleia som vanleg med felles danseøkt for alle deltakarane før sjølve kappleiksøkta byrja.Publikum kunne glede seg over i alt 14 innslag med unge lovande folkemusikkutøvarar.
Smørbukkjuryen kåra Andrea Årøy frå Sogn til Årets Smørbukk 2013 for sitt fine songinnslag.
Det vart også delt ut ekstra premiar til spelegruppa frå Aurland kulturskule for spennande påkledning med plaster og vottar. Dei som spelte i gruppa var Brita Skjerdal, Sigve Skjerdal og Jens-Henrik Hegg. Engel Eikås Tansøy frå Jølster som dansa halling, fekk pris for beste kondis medan songtrioen Ingvild Lereim Olsen, Thea Ospesete Sletten og Tora Ospesete Dalaker frå Sogn fekk pris for god samklang. Sjølvsagt vanka det smørbukk-karamellar og diplom til alle som deltok.