Publikum kan vente seg energiske og briljante runddansslåttar med muntre trillar og spretne bogestrøk når Jorun Marie og Øyvind slepp plata «Tidens Løsen». Slåttane på plata er i tradisjon etter spelemannen Ole P. Blø (1920-2010) frå Midsund i Romsdal. Runddansen kom tidleg til øysamfunnet, noko som kan vere medverkande til at slåttane og spelemåten på mange måtar skil seg ut i dagens norske gamaldanslandskap.

Jorun Marie spelar med m.a Tindra, Majorstuen og Unni Boksasp Ensemble og er kjend som ein uvanleg kreativ utøvar med stor formidlingevne. Øyvind er kjent frå m.a. gruppene Nordafjells og Sol i skuggeskog, men og som soloutøvar med fleire topplasseringar frå landsfestival og landskappleik, flittig bruk til kursing, konsertering og dansespel.

Desse kveldane er det fiskarbonden Ole Blø sitt humørfyllte, luftige og virtuose danserepertoar som står på programmet. Det blir dans etter konserten.

15. febr.: Jostedal Hotell kl. 20.00

17. febr: Valhall på Nordfjordeid kl. 18.00

 

Meir info på www.jorunkvernberg.com