Festivalen har i alle år presentert musikk i flotte naturomgjevnader, men det er første gong festivalen har natur som tema. Dette fell også saman med at festivalen gjennomgår sertifisering for å bli miljøfyrtårn. -I år kan vi verkeleg kalle oss for grøn festival, seier direktør Hilde Bjørkkum.
Inspirert av naturen
- Naturen har vore til inspirasjon for musikk og musikarar opp gjennom historia, og gjer det framleis i dag. Det er utruleg spennande å utforske samanhengane mellom naturfenomen og musikalske uttrykk, seier direktør i Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. – Tenk berre på kor mange melodinamn som er knytt til natur og kor ofte naturfenomen og naturstemningar vert brukt symbolsk i musikken!
Det er også mange døme på at sjølve instrumenta er utvikla direkte frå kjelder i naturen; som den vestafrikanske harpa, koraen, med resonanskasse frå frukta kalebass, fløyter laga av bein eller horn, og felestrengar av tarm.
Natur i musikken og musikk i naturen
Festivalen skal ikkje berre peike på naturen i musikken, i juli vil publikum også bli invitert til store musikkopplevingar i naturen. Sjølv om konsertar i storslått natur har i alle år gjeve ein ekstra dimensjon til mange av musikkopplevingane på Førdefestivalen, er det er først i år at festivalen gjer dette til ein del av temaet. –Omgjevnadane påverkar korleis vi opplever og oppfattar musikken. I år vil festivalen til fulle utnytte at Førde ligg midt i naturparadiset Fjord-Norge, med fjell, fossar, vatn og brear på alle kantar, seier Bjørkum.
Det blir konsert på Hafstadfjellet (706 m.o.h.), «gapahuk»-konsertar, musikk på gardstun, flakedans, vandring og storkonsert i parken ved elva Jølstra som renn gjennom sentrum. Dessutan tek festivalen i bruk taket av det nye kunstmuseet som konsertarena. To av samarbeidspartane på festivalen, Den Norske Turistforening og Sogn og Fjordane Turlag, er naturleg nok viktige medhjelparar på fleire av konsertane.
Tingingsverk frå Majorstuen
Majorstuen toppar lista over norske namn på plakaten i år, og for første gong lagar dei tingingsverk til Førdefestivalen. Tittelen på verket er Kvitre, og det vil handle om fuglar og då helst fuglesong. Urframføringa skjer fredag 5. juli, og Majorstuen vil då vere forsterka med ti unge, utvalde felespelarar frå heile landet. –Dette er eit stort prosjekt, og vi er svært spente, seier Bjørkum, som gledar seg til å sjå det suksessrike ensemblet på scena med nyskriven musikk i Førde.
Sterke norske namn
Eit anna sterkt ensemble på festivalen er Unni Boksasp Ensemble, som 26. februar slepper si nye plate, Kvite fuglar. Etter den enorme suksessen med førre plate, er det grunn til å sjå fram til oppfølgjaren – og ny konsert i Førde. Noko anna å sjå fram til, er eit sjeldan møte mellom to levande legender i norsk folkemusikk, Knut Buen frå Tuddal i Telemark og Leif Rygg frå Voss. Dei leitar mellom anna fram natur-inspirerte slåttar frå to særmerkte folkemusikktradisjonar.
Naturen er òg til stades på debutplata til kvedaren Kari Malmanger, «No soli bakom blåe fjell». Kari Malmanger med band spelar også på Førdefestivalen.
Markerer stemmerettsjubileet
Festivaldirektør Hilde Bjørkum bestemte seg tidleg for at festivalen skulle markere stemmerettsjubileet. Ho set jubileet i eit internasjonalt perspektiv og inviterer til ein heilt ny konsertproduksjon der to av Norges fremste kvinnelege vokalistar, Berit Opheim og Unni Boksasp, møter sterke kvinnestemmer frå land i «den arabiske våren», Dorsaf Hamdani frå Tunisia, og Waed Bouhassoun frå Syria. Eit knippe dyktige musikarar frå Norge og dei arabiske landa medverkar også.
Baskisk trio på Hafstadfjellet
Frå Baskerland til Hafstadfjellet kjem den hardtslåande trioen Kalakan. Kalakan har turnert med Madonna, men er inviterte til Førde av heilt andre grunnar. Dei nyttar nemleg det heilt spesielle instrumentet txalaparta; tjukke treplankar på trebukkar, som vert spelte på med trekubbar. I tillegg er dei flotte songarar og instrumentalistar til dømes på fløyter, gjerne to på same tid spelte av ein utøvar.
Tarantella-dans frå Sør-Italia
For første gong presenterer Førdefestivalen Sør-Italia sin særeigne pizzica- og taranta-tradisjon. Med eit ungt og friskt uttrykk har Anna Cinzia Villani vore med å gje nytt liv til pizzica-dansen, som tradisjonelt handlar om å danse vekk sorger, og verknaden av tarantella-bitt. –Heilt sidan eg opplevde tusenvis av entusiastiske italienarar danse pizzica på festivalen La Notte della Taranta i 2007, har eg eg drøymt om å få dette til Førde, seier festivaldirektøren, som også vil gje publikum tilbod om å lære den forførande dansen.
Årets musikar frå UK
Engelske Kathryn Tickell kjem til Førde med prosjektet Northumbrian Voices, der ho har late seg inspirere av natur, ver, vind, folk og musikktradisjonar frå oppveksten. Kathryn Tickell vart nyleg kåra til Årets musikar i BBC Radio 2 Folk Award, og det er berre å glede seg til eit gjensyn med ein fantastisk musikar som gjorde stor suksess med sekkepiper og feler i Førde alt for ti år sidan. Tickell sin konsert er lagt til Fjordamattunet til familien Støfringsdal på Jølster, ein ny og spennande arena for festivalen.
Forførande rytmar frå Svartehavet
Førdefestivalen er også stolte over å presentere eit heitt namn i bransjen for tida, tyrkiske Aysenur Kolivar. Ho har lenge vore eit kjent namn i tyrkisk musikk og figurert på mange plater, og no har ho endeleg kome med plate i eige namn. I følgje bransjebladet fRoots er Aysenur Kolivar «ei ny stemme i verdas musikk som må bli høyrd», og plata får stemplet «Masterpiece»!
Meir info om festivalen her.