Laurdag 19. november er det Bornas Verdsdag. I den anledning vert det mellom anna folkedanseframsyning og barnekor med born frå heile Sunnfjord kommune. Det vert folkedanseverkstad, feleverkstad, folkesongverkstad for dei minste, og masse meir! Sjå heile programmet her!
Vestland fylkekommune delte ut folkemusikkstipendet på 60 000 kroner til Moldestad under Osa-festivalen på Voss i helga. I tillegg delte han ut to folkemusikk ung-stipend til Lukas Pawelka og Mathilde Skjæret. Dei er på 25 000 kroner kvar.
Sogn og Fjordane folkemusikklag driv i desse dager å luftar for medlemmer og andre om det er interesse for å danne eit spel og dansarlag for Sogn og Fjordane til deltaking på Landsfestivalen 2.-6. august 2023 i Førde. Les informasjon om prosjektet og meld interesse om du ønskjer å vere med på dette INNAN 1. NOVEMBER.
Folkemusikklaget Havbrusen gjentek suksessen med folkemusikkpub i Løa i Fjaler! Anten du kjem for å møte venner, drikke øl, høyre på folkemusikk, eller med instrument i handa vert det garantert god stemning i Løa denne kvelden.
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2022 er tildelt Ida Mikkonen, født 2008, fra Bergen. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Jostedalen laurdag 8. oktober.
Helga 19.-20.november inviterer Voss Ungdomslag og hardingfela.no til barneinstruktørkurs i folkedans. Kurset finn stad på Voss. Klikk her for påmelding og meir info!
Laurdag kl 20.00 vert det marknadsfest med dans for små og store til tonar frå Indre Sunnfjord Spelemannslag, toradargruppa i Naustedalen Spelemannslag, Egil Furenes frå Folkemusikklaget Havbrusen og «Viksdalen Juniorspelemannslag» med vener. Trykk her for å laste ned program og info om festen og marknaden.