4. mars inviterar Sogn spel- og dansarlag og Sogndal kulturhus til kurs for vaksne og born i Sogndal kulturhus. Du kan velja mellom:
Folkemusikk: Samspel
Fokus på å spela folkemusikk saman med andre. Ope for alle instrument, men du må kunne spela instrumentet ditt. Instruktørar er Marin Stallemo Bakke og Tom Karlsrud.
Folkedans: Runddans
Du lærer eit par ulike runddansar (reinlender, vals), med fokus på danseteknikk og meistring. Nivået vert tilpassa deltakarane. Instruktørar er Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø.
Folkesong
Du lærer eit utval folkesongar frå Sogn og Hardanger, og syng desse saman med andre. Passar både nye og vande songarar. Instruktør er Kari Malmanger.
Barnekurs i folkedans og folkesong
Enkle songar, folkedansar, songdansar og songleikar. Passar for born frå 4-14 år. Instruktørar er Judith Vestreim og Mari Skjerdal Lysne. Kurset varar frå 11-13. Etterpå kan borna vera med på Kulturspiren, som går føre seg i kulturhuset.
Tid: 11-15 (for born 11-13)
Pris:
Vaksne: 250 kr
Medlem/student: 150 kr
Born: gratis
Betaling kontant eller via Vipps.
Påmelding innan 1. mars ved på fylla ut dette skjemaet: https://forms.gle/KtwKFHA6tk157Kuv9 eller på epost sognspelogdansarlag@gmail.com. Det er ikkje naudsynt med påmelding til barnekurset.
Spørsmål? Ta kontakt på sognspelogdansarlag@gmail.com eller med Sogn spel- og dansarlag på Facebook.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogn spel- og dansarlag og Sogndal Kulturhus.