PLATESLEPP DRAUMKVEDET
Draumkvedet blir framført av Malin Alander (sang), og Ole Nilssen (trekkspel). Dei presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet, med fokus på tid, kontrastar og klangbehandling i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og følger opplevingane til Olav Åsteson. Konserten vil likevel formidles med diktet og dei tradisjonelle melodiane i fokus.
 
Den fyrste konserten er i Vereide kyrkje på Sandane fredag 6. januar kl. 18-19.
 
Den andre konserten i Sogn og Fjordane er u Førde i Sunnfjord kulturskule i høve konsertserien Lyarscena.
Våren 2023 inviterer distriktsmusikarane i Sunnfjord til nye og spennande produksjonar i deira konsertserie «Lyarscena».
Lyarscena-konsertane har blitt fast inventar i kulturlivet i Førde og er nå i sin sjette runde.
Det blir ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.
12.01.2023
kl. 19
DRAUMKVEDET
Plateslepp med Noreg sin mest kjende middelalderballade
Malin Alander, sang og Ole Nilssen, trekkspel
16.02.2023
DU OG JAG
Henri Eftevand, fiolin og Hans Holgersson, cello
16.03.2023
Helga Lied Wyrtz, fløyte og Noemi Utasi, piano
Billettpris:
Vaksne 150kr
Barn 50kr
Kulturskuleelevar 0kr
Billettsal: www.fordehuset.no
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)