Etter Årsmøtet i 2022 vart det vedteke å endre vedtektene til Rolf Myklebust Minnefond, som i praksis gjorde at fondet no avsluttast ved at alle midlane vert delt ut. I følge vedtektene skal fondsmidlane stø ugjevingar av tradisjonell folkemusikk frå Sogn og Fjordane i form av notar, arkivopptak og nyinnspelingar av tradisjonsstoff. Bøker eller hefte med skriftleg materiale innan sjangeren kan òg få stønad.
Midlane er no delt ut etter ei utlysningsrunde, og følgjande søkjarar har fått innvilga sine søknadar:
- Gruppa Nygamle svisker ved Magnus Skjerdal mottok kr. 31200 til innspeling av album med Ola Haugland sine slåttar.
- Marthe Aa mottok kr. 7800 til bokutgjeving med sl å ttar og songar, samt historiane om sl å ttane, songane, dansane og utøvarane frå Hyen.
- Elin Grytting mottok kr. 23400 til CD - utgjeving med teksthefte av arkivmateriale med folkesongaren og spelemannen Paul Berstad.
- Krudlalaget ved Judith Vestreim mottok kr. 19500 til bokutgjeving i høve Krudlalaget 35 år med tittel «Songs katten frå Sogn og Fjordane»
- Hornindal spelemanslag ved Gunnhild Sindre mottok kr. 23400 for CD - utgjevinga «Til minne om Lars Hjellbakk»
Vi gjer oppmerksame på at styremedlemmer med tilknyttning til søknadane var erklært innhabile då tildelinga vart gjort på styremøte i folkemusikklaget 10. januar.
Vi gratulerar søkjarane med tildelingane og gler oss til å sjå og høyre resultatet!