ISS logo 560,300

Førde, 9.-11. oktober 2015

VELKOMNE TIL VESTLANDSKAPPLEIK

Velkomne til Vestlandskappleik 9.-11. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Indre Sunnfjord Spelemannslag er vertskap, og ser fram til å ta imot spelemenn, songarar og dansarar frå heile Vestlandet til venskapleg kappestrid og lystig samvære heile helga til endes. PÅMELDINGSFRIST 30. SEPTEMBER

 

I samarbeid med FolkJazzScena/Førdefestivalen inviterer Indre Sunnfjord Spelemannslag til konsert fredagskveld 19:00, der slåttearven etter setesdølen Torleiv H. Bjørgum (1921–1990) står i sentrum, formidla av Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg. Materialet til konserten er henta frå plata Bjørgumspel Vol II – Taddeivs minne 1, som kom ut i mai og er del av eit stort dokumentarprosjekt over denne fantastiske spelemannen frå Setesdal, – ein av dei beste og tøffaste vi har hatt her i landet.
 
Konserten set an tonen for Vestlandskappleiken 2015. Tevlingane startar allereie fredag kveld og held fram laurdag, der høgdepunktet vert ein staseleg tevlingskonsert med utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris laurdag kveld. Det vert tevlingar i både bygdedans og runddans, altså noko for ein kvar smak. Og så vert det sjølvsagt dans for alle og drøs til langt på natt, nett slik det skal vere.
 
Påmeldinga er allereie open, så det er berre å melde seg på i alle dei klassene ein vil – tek du rekorden i år? Du melder deg på her: www.paamelding.folkemusikk.no Påmeldingsfristen er 30. september.
 
Hjarteleg velkomne!
 
 
Førebels tevlingsprogram (med atterhald om endringar)
 
Fredag 9. oktober
Konsert 19:00
Bjørgum / Sandén-Warg
 
Tevlingar 20:30
Pardans runddans (vals og hamborgar)
Lagdans runddans
Gruppespel runddans sr.
Lagspel runddans sr.
 
Laurdag 10. oktober
Tevlingar 11:00
Spel fele/hardingfele C / B / D
Pardans par C / B / D
Eldre folkemusikkinstrument sr.
 
Tevlingar 15:00
Samspel jr.
Lagspel sr.
Vokal C / B / D
Lagdans jr./sr.
Durspel/trekkspel sr.
 
Tevlingskonsert 20:00
Finale runddanstevling
Open klasse
Spel fele/hardingfele A
Pardans A
Vokal A
Lausdans C, D, A, B
Utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris
 
Premieutdeling 23:00
 
Sundag 11. oktober
Leiarmøte 11:00
| Mer++