Deltakarpris:
Senior 300 kr pr. pers (solo og par)
Junior 150 kr pr. pers uansett klasse
Senior i lag/gruppe 150 kr pr. pers
Vedtektene for Vestlandskappleiken vart endra i 2023, og det er no junior/senior inndeling i staden for ABCD klassar. Open klasse har ikkje senior/junior-inndeling.
Det er vidare opna opp for og å bruka runddansslåttar i spelklassane .
I gruppespel er krava 2-4 instrument. Det må ikkje vere minst 2 berande instrument, altså melodiinstrument. Óg her kan ein ein spele ein runddansslått og ein bygdedansslått på same startnummer om ein vil, eller to av same danseform.
Innafor kvar tevlingsgrein (fele/hardingfele, durspel, gruppespel, lagspel) er det maks. 2 startnummer pr.solist, gruppe eller lag.
I lagdans junior er kravet for deltakarar minst 3 par, medan i senior er kravet 5 par.
Elles visar vi til tevlingsreglementet til FolkOrg som ein kan laste ned her: https://www.folkorg.no/oppdateringar-i-tevlingsreglementet-for-landskappleiken-og- landsfestivalen-i-gammaldansmusikk-2024.6701412-607397.html
Har de spørsmål om tevlinga, så send gjerne ein epost til Hordaland folkemusikklag ( hordalandfolkemusikklag@gmail.com) eller til arrangøren Kvemmingen spel- og dansarlag (kvemmingen@gmail.com)
Vil du vere med som publikum og/eller dansande er prisen som følgjer:
Vaksen:
Berre fredag 10. okt 250 kr
Berre laurdag 11.oktober 250 kr.
Heile helga 400 kr.
Ungdom 12-18 år:
Berre fredag 10. okt 100 kr
Berre laurdag 11. okt 100 kr
Begge dagar 200 kr
Born under 12 år: Gratis
Tevlingsklassar:
Tevlingsgrein/dispilin | Tal | Klassedeling | Musikk-krav |
Spel fele og hardingfele | Solo | Junior | Slåttespel og/eller runddans. |
Spel fele og hardingfele | Solo | Senior | Slåttespel og/eller runddans. |
Vokal | Solo | Junior | |
Vokal | Solo | Senior | |
Durspel | Solo | Junior | Slåttespel og/eller runddans. |
Durspel | Solo | Senior | Slåttespel og/eller runddans. |
Gruppespel | 2-4 utøvarar på same instrument | Junior | Slåttespel og/eller runddans. |
Gruppespel | 2-4 utøvarar på same instrument | Senior | Slåttespel og/eller runddans. |
Spel eldre folkemusikkinstrument | Solo | Junior | Slåttespel og/eller runddans. |
Spel eldre folkemusikkinstrument | Solo | Senior | Slåttespel og/eller runddans. |
Open klasse | |||
Lagspel fele/hardingfele | Min. 5 utøvarar, berande instrument fele, h.fele , eller andre folkem.instrument | Junior | Slåttespel og/eller runddans. |
Lagspel fele/hardingfele | Min. 5 utøvarar, berande instrument fele, h.fele , eller andre folkem.instrument | Senior | Slåttespel og/eller runddans. |
Lagspel durspel/trekkspel | Min. 5 utøvarar, berande instrument durspel/trekkspel | Junior | Slåttespel og/eller runddans. |
Lagspel durspel/trekkspel | Min. 5 utøvarar, berande instrument durspel/trekkspel | Senior | Slåttespel og/eller runddans. |
Pardans runddans | Pardans | Junior | Runddans |
Pardans runddans | Pardans | Senior | Runddans |
Pardans bygdedans | Pardans | Junior | Bygdedans |
Pardans bygdedans | Pardans | Senior | Bygdedans |
Pardans runddans | 3-10 par | Junior | Runddans |
Pardans runddans | 5-10 par | Senior | Runddans |
Pardans bygdedans | 3-10 par | Junior | Bygdedans |
Pardans bygdedans | 5-10 par | Senior | Bygdedans |
Halling | Solo | Junior | |
Halling | Solo | Senior |