VEDTEKTER VESTLANDSKAPPLEIKEN

Vedtekne på Vestlandskappleiken i Aurland, 12.10.1997

Revidert på leiarmøtet under Vestlandskappleiken 1999

Revidert på leiarmøtet under Vestlandskappleiken 2011

Revidert på leiarmøtet under Vestlandskappleiken 2013

Revidert på representantmøtet under Vestlandskappleiken 2024

 

INNLEIING

§ 01. Vestlandskappleiken er ein landsdelskappleik for fylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

 

 

FØREMÅL

 

§ 02 Føremålet til Vestlandskappleiken er å vere ein sosial og musikalsk møtestad for deltakarar, andre utøvarar innan folkemusikk og –dans, samt andre interesserte. Gjennom ei slik samling søkjer ein å styrkje interessa for, kjennskapen til og kunnskapen om folkemusikken og -dansen i Vestlandsregionen.

 

TILSKIPING

 

§ 03 Områdelaga Hordaland Folkemusikklag og Sogn og Fjordane Folkemusikklag skal i samarbeid med lokal tilskipar syte for at Vestlandskappleiken blir arrangert årleg.

 

§ 04 Vestlandskappleiken skal arrangerast anna kvart år innafor områdelaget Sogn og Fjordane folkemusikklag og Hordaland folkemusikklag. Det ansvarlege områdelaget fastset dato i samarbeid med lokal arrangør. Det ansvarlege områdelaget kan spørja lokallag i Møre og Romsdal og Rogaland om å vera lokal arrangør.

 

§ 05 Ansvarleg områdelag skal ha tilsyn med opplegg for og gjennomføring av Vestlandskappleiken, gje råd, og ta avgjerd i eventuelle tvistesaker.

 

§ 06 Styret i det ansvarlege områdelaget skal ha fritt tilgjenge på alle arrangement i regi av Vestlandskappleiken.

 

§ 07 Ansvarleg områdelag skal tilby lokal arrangør ein pakke som inneheld gjeldande vedtekter, dommarskjema, «kappleikskokebok», logo, rapportmal, heimeside for VK, og rapport frå VK dei siste åra.

 

 

ØKONOMI OG RAPPORTERING

 

§ 08 Overskott/underskott skal delast slik: 10% til ansvarleg områdelag, 90% til lokal arrangør.

§ 09 Det skal vere eit rimeleg forhold mellom deltakaravgift og premiering, og lokal tilskipar skal følgje FolkOrg sine gjeldande retningslinjer.

§ 10 Deltakarbilletten skal gje fritt tilgjenge til alle tevlingar og dansearrangement under Vestlandskappleiken. Dette gjeld alle deltakarar.

 

§ 11 Enkeltutøvarar, grupper og lag kan ikkje krevje økonomisk godtgjersle for dansespel.

 

§ 12 Lokal arrangør skal sende rapport og rekneskap til ansvarleg områdelag seinast 2 månader etter gjennomføring av Vestlandskappleiken. Rapporten skal følgje mal utarbeidd av områdelaga.

TEVLING

§ 13 På Vestlandskappleiken skal det tevlast i følgjande tevlingsgreiner og klasseinndelingar:

 

Tevlingsgrein/dispilin

Tal

Klassedeling

Musikk-krav

Spel fele og hardingfele

Solo

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Spel eldre folkemusikkinstrument

Solo

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Vokal

Solo

Junior og senior

 

Durspel

Solo

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Gruppespel

2-4 utøvarar på same instrument

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Lagspel fele/hardingfele

Min. 5 utøvarar, berande instrument fele, h.fele , eller andre folkemusikk-instrument

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Lagspel durspel/trekkspel

Min. 5 utøvarar, berande instrument durspel/trekkspel

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Pardans, fele og hardingfele

Pardans

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Halling

Solo

 

 

Lagdans

5-10 par

Junior og senior

Bygdedans og/eller runddans.

Open klasse

 

 

 

 

PRESISERINGAR

Både i spel og dans kan deltakarane fritt velje musikk- og dansetype. Det er maks to startnummer pr. solodeltakar/par/gruppe/lag. Dette gjeld innan kvar tevlingsgrein. Ut over dette, føl Vestlandskappleiken FolkOrg sitt tevlingsreglement.

 

§ 14 Lokallag som ønskjer det, kan søkja ansvarleg områdelag om endring i tevlingsgreiner og klasseinndeling, innafor dei rammene som gjeld i desse vedtektene, jfr. FolkOrg sine retningslinjer og «Presiseringar» i oversikta for tevlingsgreiner og klasseinndelingar.

 

§ 15 Alle deltakarar på Vestlandskappleiken skal vere medlem i FolkOrg.

 

 

DØMMING

 

§ 16 Områdelaga har ansvar for å finna sakkunnige fagdommarar. Det skal vera tre sakkunnige dommarar i kvar tevlingsgrein (spel,song,dans). Kvar dommar kan dekka fleire tevlingsgreiner. Ansvarleg områdelag finn 2/3 av dommarane, det andre områdelaget 1/3.

 

§ 17 Dommargjerninga er å sjå som eit tillitsverv og blir ikkje godtgjort økonomisk. Lokal tilskipar skal dekkje reise og opphaldsutgifter i samsvar gjeldande satsar i Statens reiseregulativ.

 

 

PREMIERING

§ 18 Premiering skal skje i samsvar gjeldande kappleiksføresegner i FolkOrg.

 

§ 19 Deltakarpremie skal ikkje vere diplom.

 

REPRESENTANTMØTE

 

§ 20 I samband med Vestlandskappleiken skal det skipast til eit representantmøte for alle medlemslaga. Det skal sendast innbyding til områdelaga i alle tre fylka på Vestlandet. Er det ikkje områdelag skal det sendast til lokallaga i fylket

 

§ 21 Ansvarleg områdelag syt for innkalling og gjennomføring av representantmøtet.

 

§ 22 Alle medlemslaga i områdelaga har møte- og talerett. Kvart medlemslag og områdelag har rett på ein (1) utsending med framlegg- og røysterett.

 

§ 23 Det skal førast protokoll frå representantmøtet.

 

§ 24 Ansvarleg områdelag har ansvar for at møteprotokollen blir send til FolkOrg, områdelaga og dei lokale medlemslaga.

 

 

UNNTAK FRÅ VEDTEKTER

 

§ 25 Lokal arrangør som ønskjer å gjere unntak frå desse vedtektene, må søkje ansvarleg områdelag.

 

 § 26 Endring av vedtektene kan gjerast av representantmøtet med vanleg (simpelt) fleirtal, såframt minst 1/3 av lokallaga i både Sogn og Fjordane folkemusikklag og Hordaland folkemusikklag er representerte. Ved lågare frammøte skal endringane takast oppatt på neste representantmøte, og blir då avgjort med vanleg fleirtal med dei som er frammøtt og har stemmerett.