Pressemelding i samband med Vestlandskappleiken 2013

Vestlandskappleiken er eit årleg arrangement der tevlar ein i ulike klassar innanfor tradisjonell folkemusikk og -dans, både bygedans og runddans. I år vert kappleiken halden på Rica Sunnfjord hotell, med Gamlebanken Spelemannslag som arrangør.

Gamlebanken spelemannslag er ein gjeng spelekvinner og eit par menn, frå Sunnfjord og Sogn, som likar å spele i lag. Dette har ført til solide resultat både nasjonalt og nordisk, men no tek vi også mål av oss til å arrangere tidenes kappleik i Førde. Sist kappleiken vart halden her var i 1989, så det er på høg tid!

Kappleikshelga startar med eit av fleire høgdepunkt, nemleg konsert med Erlend Apneseth frå Jølster, fredag kveld. Erlend er ung, ein av dei beste spelemennene i landet og han slepper plate no i oktober. Etter konserten startar tevlingane, og vi lovar at du skal få danse både lenge og vel. Laurdag held tevlingane fram, og tevlingskonserten laurdag kveld blir vel verdt å få med seg. Her samlar vi eliten innanfor folkemusikk og –dans, og ventar publikumsopplevingar som får håra til å reise seg.

Ingrid Heieren er kappleiksgeneral og leiar ein kappleikstab som gler seg til storinnrykk av spelesugne, danseglade, og forventningsfulle publikummarar frå heile landet. Ho oppmodar også dei som ikkje er vande kappleiksgangarar om å stikke innom for å oppleve stemninga. Hotellet som arena for kappleiken skulle også dekke dei fleste behov dersom du blir svolten og tyrst, til langt på natt.  Heieren varslar at ho forventar nokre overraskingar i løpet av helga, som ein bør få med seg. Så ta med deg ein venn, bror din og mor di, og kom på kappleik.

Frist for å melde seg på tevlingane er sett til 1. oktober, så her er det berre å hive seg rundt!

Vel møtt til kappleiksfest i Førde!

Helsing Gamlebanken Spelemannslag v/ Pressetalsmann Leif Erik Stuhaug.