Styret si grunngjeving:
"Prisen går til ei jente som er fødd i 1996 og har spelt hardingfele sidan ho var 8 år. Ho har fått opplæring på hardingfele gjennom fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane m.a hatt Harald Hesjevoll, Oda Heidi Bolstad og Synnøve Bjørset som lærarar i kulturskulen. Ho har delteke på ei rekke spelekurs og er aktiv utøvar i Jostedal spel- og dansarlag. I tillegg til å spele fele, syng ho. Utøvaren har delteke på ei rekkje kappleikar og fått fine plasseringar, både som soloartist og i gruppespel. Idag er ho er elev ved musikklinja på Vinstra Vidaregåande Skule, som er den einaste vidaregåande skulen i landet med folkemusikklinje. Ho får særs gode skussmål frå skulen. Folk i miljøet ho er i fortel at ho er ei engasjert jente som arbeider strukturert og målretta for å bli betre."
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris er på kr.10 000,- og vert støtta av Sparebanken Vest. Prisen vart oppretta etter at den unge hardingfeleutøvaren Audhild Flaktveit Moxnes omkom i ei trafikkulukke i Bergen sentrum.
I tildelingsnemda sit:
Arne Anderdal, Eva-Marie Toppe, Sigrid Moldestad og Solgunn Flaktveit.
Tidlegare vinnarar av prisen:
2007 Alexander Aga Røynstrand, Granvin
2008 Erlend Apneseth, Jølster
2009 Maria Skjeldrum Toppe, Bergen
2010 Ingeborg Hollekim Bringslid, Bergen
2011 Mathilde Skjæret, Jostedal
2012 Nikolai Storevik, Stryn
2013 Marta Lindvik, Ulvik