Logo VK

Førde 11.-13.oktober:

JUSTERINGAR AV TEVLINGSREGELVERKET

Det er gjort nokre justeringar i tevlingsregelverket for i høve tidlegare kappleikar. Dette gjeld klassane for samspel junior og lagdans junior og senior. Vi håper desse endringane fører til at endå fleire vert med i tevlingane. Detaljane finn du nedanfor:

Endringar i tevlingsreglementet:

Lagdans:

- i lagdans er kravet på tal dansepar senka til minimum tre par i juniorklassa og fire par i seniorklassa

- i lagdansklassa vert det også lov til å delta i to lag, men då med ulike dansar. (Ulike dansar vil seie dansar som er ulike i tradisjonar og/eller taktart)

Samspel junior

- i klassa samspel junior er det lov til å stille med same instrument to gonger

-Soloklassar

Vi  presiserer at sidan årets Vestlandskappleik inkluderer både bygdedans og runddansmusikk er klassane i solospel er opne for både bygdedans- og runddansmusikk

| Mer++