logo

Askvoll 13.-14.oktober

RESULTAT

2017-10-07


Foto: Peter Ahlbohm

Granvin, 3.-5. oktober 2014

Resultat frå Vestlandskappleiken 2014

Vestlandskappleiken 2014 er vel i hamn. I alt 63 startnummer stilte opp i konkurransane på laurdag. Frå Sogn og Fjordane vart det blant anna siger til Gamlebanken spelemannslag (foto) og andreplass til Gro Marie Svidal i spel hardingfele klasse A.  I C-klassane vart det siger til Hilda Sofie Taklo i vokal og andreplass til Kine Svori i hardingfeleklassa. Kine vart også tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris.

Fullstendig resultatliste frå kappleiken finn du her:

Resultatliste Vestlandskappleiken 2014.pdf

2014-10-05
Kine Svori får overrakt prisen frå Solgunn Flaktveit. Foto: Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Granvin 4. oktober

Kine Svori tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris

Kine Svori frå Jostedal vart under Vestlandskappleiken i Granvin tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. Prisen som er på 10 000kr og vert utdelt kvart år til ein ung og lovande utøvar på hardingfele.

Vi gratulerer!

2014-10-05
Vestlandskappleiken

Granvin,3.-5. oktober 2014

VESTLANDSKAPPLEIKEN 2014 -Påmeldingsfrist 30.9!

Hardanger spelemannslag er vertskap for Vestlandskappleik 2014 i Granvin 3.-5. oktober. Førebels tevlingsprogram og informasjon om påmelding, overnatting m.m. er no lagt ut. Meir nyhende om Vestlandskappleik vert å finne på www.vestlandskappleiken.no og på heimesida til Hardanger spelemannslag. Påmeldingsfristen er 30.9.

2014-08-31
Foto: Erling Moxnes

Stipend til unge hardingfeleutøvarar:

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS

Styret for Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris ønskjer framlegg til kandidatar. Minneprisen er på kr. 10 000 og skal gå til ein lovande hardingfeleutøvar frå Vestlandet som er i C-klasse alder. Prisen vert delt ut i samband med Vestlandskappleiken i Granvin, 3.-5. oktober 2014.

Heile utlysingsteksten er lagt ut nedanfor.

FRIST for innsending av forslag er 15. september 2014!

2014-08-18
Foto: VK2013

Audhild Flaktveit Moxnes minnepris til:

MARTA LINDVIK

Marta Lindvik frå Ulvik er tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris for 2013. Prisen er på 10 000kr, og vert kvart år utdelt til ein lovande hardingfeleutøvarar som er 18 år eller yngre. Prisen vart utdelt under tevlingskonserten på Vestlandskappleiken. Vi gratulerer!

2013-10-12
Foto: Norill Terese Norheim

Til minne:

THEA ØVREBOTTEN 1994-2013

Thea Øvrebotten (19) frå Førde omkom i lastebilulukka ved Balestrand tysdag 8. oktober.

2013-10-10