Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
5294296_2392175

DANSEKURS OG NABOTREFF

Helga 26.-27. oktober vert det dansekurs og nabotreff i Jostedalen. Stian Roland og Tone Voldhaug kjem til  Jostedalen for å instruere i masurka og galopp samt grunnleggjande teknikk i dans.

Foto:Per Finne

BLEST 2013

Musikkbransjen på Vestlandet møtest i Førde underBlest 2013. Her vert det både folkemusikk, pop og rock. Frå folkemusikksjangeren møter vi både Linda Gytri frå Olden og duoen Djønne & Børsheim. Alle konsertane er opne for publikum.

IMG_2127 (1) Leggbilde

SNART KLART FOR VESTLANDSKAPPLEIK

Lurer du på å ta turen til Førde enten som deltakar eller publikum? I pressemeldinga nedanfor finn du mange gode grunnar til å kome på Vestlandskappleiken 2013.

Hans  Fredrik Asbjørnsen

"HEIMANFRÅ"-med Ingebjørg H. Bratland og Odd Nordstoga

Ingebjørg H. Bratland og Odd Nordstoga gav ut plata "Heimanfrå" i mars. Denne veka kjem dei til Sogn og Fjordane for å halde konsertar. Liste over stadar som kan sjå fram til besøk finn du nedanfor.

Oddleiv Apneseth

FOLKELARMPRISEN 2013

Dei nominerte til Folkelarmprisen 2013 er no klare. Det er plukka ut tolv utgjevingar i fire ulike kategoriar: dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse. "Umbra" med Linda Gytri er ein av dei nominerte i kategorien solo. Samtlege nominerte finn du nedanfor. Prisane vert delte ut 28. september på bransjetreffet Folkelarm.

Audhild Moxnes

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS

Styret for Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris ønskjer framlegg til kandidatar.

Minneprisen er på kr. 10 000, og skal delast ut i samband med Vestlandskappleiken i Førde, 11.-13. oktober 2013.

FRIST for innsending av forslag er 23. september 2013!

APAL

FRÅ OLDEDALEN TIL INDIA: KONSERT MED APAL

Førstkommande søndag kl.2000 vert det konsert og kaffikalas i Oldedalen.Linda Gytri fått med seg nybakt norgesmeister på torader Kristoffer Kleiveland og gitarviritousen Vidar Berge i den rykande ferske trioen Apal. Det vert dermed høve til å oppleve deira friske nyskapande folkemusikk før dei legg ut på spelereise heilt til India!
Anna Gjendem og Erle Hind

INNBYDING TIL ARKIVSEMINAR

Sogn og Fjordane Folkemusikklag innbyr 7. september til arkivseminar på Fylkesarkivet i Leikanger. Kursleiarar vert Erle Hind og Anna Liv Skjelten Gjendem.

Program og innbyding er no klar: 

INNBYDING TIL ARKIVSEMINAR 7.9.2013.pdf 
Den opphavlege påmeldingsfristen er ute, men vi tek i mot påmeldingar så lenge vi har plass. Vil du vere med, send epost til post (@) folkemusikklaget.no snarast!

bråttt 9-15

BRÅTT-FESTIVALEN 2013

Folkesongar Unni Løvlid er initiativtakar til Brått-festivalen, som finn stad i Hornindal mellom 9. og 15. september. I tillegg til  50 "heime hos"-konsertar, der musikarar og forteljarar syter for kulturopplevingar heime i stovene til folk vert det også fire offentlege konsertar med Hanne Oftedal (forteljing), Linda Gytri og Kristoffer Kleiveland (trekkspel /toradar), Susanne Lundeng (fele) og Britt Pernille Frøholm og Sigurd Ytre-Arne (hardingfele /elektronikk)

Halling 2

HALLINGKURS

Dansarane Anna Gjendem og Vidar Underseth held hallingkurs for born og unge frå 9 år og oppover på Mork ungdomshus i Volda laurdag 31.august frå kl.1200. Kurset varer i tre timer, og vil ta for seg grunnteknikkar i dansen.
Unni Løvlid, Sigrid Terese Moldestad, Elin Grytting og Jon Oddvar Kandal

"Ti tonen har fått hele mitt sinn" - FOLKETONAR FOR VÅR TID

På denne konserten vil folkemusikken frå vårt eige fylke bli løfta fram av nokon av dei som brukar den aktivt i dag – og dermed bidreg til at den lever vidare, og stadig utviklast! Folkemusikken skal også møte kunstmusikken i BESTILLINGSVERKET "heimanfrå" av Magnar Åm.
Foto: Alf Helgheim

FOLKEMUSIKKONSERT I RANDABYGD KYRKJE

Fredag 23. august kl.1930 er det for tredje gong klart for folkemusikkonsert i Randabygd kyrkje. Denne gongen kjem John Oddvar Kandal frå Breim og Helene Myklemyr Bolstad frå Jostedal samt Grimstadkoret frå Hareid.
No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG