Prisen for Årets lokallag er på 10 000 kroner, og vil bli delt ut under FolkOrg sitt årsmøte på Fagernes 25.–27. april. I løpet av dei neste vekene vil dei nominerte bli presentert på www.folkemusikk.no

"Dei nominerte er ein gjeng eldsjeler som gjer og har gjort eit godt arbeid over lang tid. Med kurs og dansekveldar for danseglade i alle aldrar, har dei klart å formidle både dei kunstnarlege og sosiale eigeskapane som folkedansen har. Slik har dei skapt og oppretthelde interesse og entusiasme for folkedansen", seier Marit Vestrum på FolkOrg si nettside idag. "Felles for alle dei nominerte er at dei har skapt opne og inkluderande møteplassar for folkedansen, og slik bidratt til å ta vare på lokale folkedans- og folkemusikktradisjonar."