Sogn og Fjordane fylkeskommune tildeler årleg to arbeidsstipend og eit etablerarstipend til aktive kunstnarar som bur og arbeider i Sogn og Fjordane. I 2014 er stipendordninga  til kunstnarar utvida med tre nye stipend til utøvarar innan andre uttrykk, slik som litteratur, musikk, scenekunst og dans. Ordninga med dei nye stipenda skal bidra til å fremje kunstaktivitet hjå profesjonelle utøvarar som bur og arbeider i fylket.