Åmot Operagard innbyr i samarbeid med Gaular spelemannslag til konsert med Berit Opheim og Erlend Apneseth fredag 11. april kl. 1900. Konserten blir eit møte mellom to musikarar som begge er sterke tradisjonsbærarar, men som også er nysgjerrige på andre uttrykk og sjangrar.
NU prosjektet "Sans for dans" er det største dansefilmprosjektet nokon sinne. Dei fem filmane hadde premiere 20. mars på Riksscena. Medverkande i filmane er mellom anna Lina Rebekka Kobberstad frå Hornindal. Filmane ligg ute på NU sin Vimeokanal her.
Det vert konsert med Erlend Apneseth i ungdomshuset "Skogstjerna"i Markane, Stryn tysdag 1. april kl. 1900. Spelemannslaget Fjelljom er arrangør for konserten. På konserten vert det flott tradisjonelt slåttespel på hardingfele og også smakebitar på improvisasjon.
Fredagskveld på Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane 2014 på Sandane vart det konkurrerte i solospel gammaldansmusikk, open klasse, gruppespel gammaldans og dansetevling i reinlendar og masurka. Resultat frå konkurransane finn du her:
Fleire lag/grupper har vore i kontakt med Sogn og Fjordane folkemusikklag på grunn av problem med å skaffe seg gitaristar/bassistar til fylkeskappleiken 2014. Situasjonen har i år vorte ekstra vanskeleg på grunn av kollisjonen med DM trekkspel. Styret i Sogn og Fjordane folkemusikklag har derfor bestemt å gjere følgjande justering av regelverket i høve FK2014:
Klassane lagspel runddans og gruppespel rundddans på FK2014:
"Same utøvar får høve til å stille to gongar med det same komp-instrument i kvar av klassane."
Det nærmar seg årets fylkeskappleik på Sandane. Det er bra påmelding, men likevel plass til fleire, og det er framleis høve til å melde seg på. For påmelding: kontakt tilskipar på epost: fylkeskappleiken@gmail.com eller på tlf. 915 34 679. Det er også lagt ut justert tidsskjema for programmet.
Laurdag 22. mars innbyr Jostedal spel- og dansarlag i samarbeid med Folkeakademiet, til konsert og dans i høve at det er 100 år sidan Sjur Hesjevoll vart fødd.
Fredag 14. februar sleppte Sigrid Moldestad si fjerde soloplate. Utgjevinga har fått tittelen "Brevet til kjærleiken", og er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim som ville fylt 100 år i år. I tidsrommet 16. februar-2.mars er Sigrid på turne i heimfylket. Turneliste finn du nedanfor:
Fristen for å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga våren 2014 er 1. mars. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling. Meir om gåvemidlane og lenke til søknadsskjema her.
"Ein Aftan På Ålhus" laurdag 8. februar tek til med konsert i Ålhus Kyrkje kl.17.00 og fortset med festkveld i Borgja kl.18.30.
Gjennom kvelden vert det song og spel av utøvarar frå både fjern og nær bl.a. Ingrid Heiern, Jon Faukstad, "Kringslått og Etterakst" og Indre Sunnfjord spelemannslag.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag innbyr til kurs i springar frå Søre Sunnmøre 23. februar i Volda. Jorunn Marie Kvernberg vert instruktør på spelkurset og Live Karin Liaskar på dansekurset.