Det var i år godt over 50 påmelde plater til prisen, og av desse har juryen valt ut 15 nominerte i fire kategoriar. Juryen i år består av høgskulelektor og musikar Ragnhild Rose Knudsen og musikarane Unni Løvlid og Kjell Bitustøyl.
Honndalsmusikken og MAAR nominerte til Folkelarmprisen
Prisutdeling:
MAAR med plata "Vrangsvevd" og Honndalsmusikken med plata "Brylljaupsafta" er begge nominert til Folkelarmpris i klassa Tradisjonelt samspel. Dei to konkurrerer om prisen med plata "Smiles of sun" ( folk music from Lorestan) med Nezam Rajabzadeh. Folkelarmprisen vert utdelt 27. september.