KURS A RETTLEIING I FOLKEDANS

Innhald: Korleis gje born og unge høve til å få lære folkedans

Folkedans er fellesnamn på ulike typar tradisjonsdans som runddans, bygdedans, turdans, songleik og songdans. Asbjørg og Arne M. Sølvberg har i årevis drive opplæring i slik dans i regi av Fjelli ungdomslag og har for tida om lag 30 aktive unge som syner att på kappleikar og som gjev gode opplevingar for turistane på Hotel Alexandra. Dei vil gjerne dele sine røynsler og gje gode tips til både innlæringsteknikkar og tilrettelegging av det praktiske. Kva dansar er lettast å starte med for dei minste borna? Kva slår best an hos dei som går i ungdomsskulen? Og korleis skal vi enkelt og greitt få inn steg frå reinlendar, hamborgar, polka med støyt, springar og halling? Kurset er for deg som likar å danse og gjerne vil gje born og unge sjansen til å oppleve den same gleda. Det er ingen førehandskrav til dansekunnskap eller etterkrav om å verte instruktør. Du som alt driv opplæring i dans vil og heilt sikkert ha glede av å få påfyll av dansar og innsyn i kurslærarane sine arbeidsmåtar. Arne vil og skifte mellom rolla som dansar og spelemann og dele litt kunnskap om musikken.

Kursleiarar: Asbjørg og Arne M Sølvberg

KURS B YOGA

Innhald: Kjente stillingar og avspenning

Yoga handlar om konsentrasjon og fokusering, om å ta kontroll over sitt eige mentalt og kroppslege liv, slik at sansebegjær og mental aktivitet fell til ro. Dette kurset er ein introduksjon til kjente stillingar og avspenningsteknikkar.

Fredag kl 19-21, og laurdag kl 10-12

Kursinstruktør: Kjetil Simonsen

KURS C BUNADSEMINAR

Innhald: Bunader frå SFJ og teknikkar ved søm og veving

Dette kurset tek for seg formidling av kunnskap med bunadstilverking og tradisjonar med gamle teknikkar i dette arbeidet.

 Veving av prøvelappar

 Renning til bunadsselar til Sunnfjord, Sogn og Nordfjord

 Sting og søm-prøver

 Lausbord til veving

Bunadsutstilling ved Sunnfjord folkemuseum.

Kurset vert lagt opp som eit seminar der deltakarane kan aktivt ta del i formidlinga av kunnskap om folkedraktene våre. Presentasjon av den nye bunadsboka frå Sogn ved Bjørg Hovland

Kursleiarar: Ann Lundekvam og Bodil Myklebust

KURS D SAMLING FOR TILLITSVALDE

Innhald: Informasjonsarbeid og oppgåver for lokallaga

Styret i SOFUL vil på denne måten samle tillitsvalde i ungdomslaga for å skape ein god dialog mellom fylkeslag og lokallag, med aktuelle team som:

 Huset i Bygda sitt arbeid

 Økonomi og administrasjon av ungdomslaga

 Informasjonsarbeid og bruk av sosiale media

Samlinga vert gjennomført som eit møte etter fellessamlinga fredag kveld. Det er ingen deltakaravgift på dette møtet.

Hugs påmelding.

Praktiske opplysingar

Storkurset vert skipa til i Førde med ungdomshuset Viking som base. Overnatting vert på Førde Hotell for dei som ynskjer hotellstandard. Dersom det kan vere aktuelt med privat innkvartering, ta kontakt snarast. Alle måltid i ungdomshuset Viking (unnateke frukost for dei som bur på hotellet)

Fredag 17.oktober

18:00 Frammøte i Viking med fellesmåltid

19:00 Kursstart

21:00 Avslutning

Laurdag 18.oktober

08:00 Frukost i Viking

09:00 Kursstart

13:00 Lunsj i Viking

18:00 Avslutning

Overnatting

Quality Førde Hotell 57 82 81 10  www.forde-hotell.no  salg@forde-hotell.no (v/ Anders)

Enkeltrom m/f kr 1.020 pr rom pr person pr døger . Dobbeltrom m/f kr 1.250 pr rom pr døger

Kurspris

Kr 600 for medlemer i Noregs Ungdomslag . Kr 1.000 for andre. Kursprisen dekkar deltakinga på kurset samt alle måltid.

Kontaktperson

Anders Gjerland  anders@gjerland.no Telefon: 90 89 27 60

Påmelding

Påmelding pr epost til: soful@ungdomslag.no  Betaling til konto: 3710.07.05053

Påmeldingsfrist: Meld dykk på snarast!!

Kursfaldar kan også lastast ned her:

Storkurs i Førde 2014.pdf