Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Foto: Marius Beck

MEISTERKLASSE MED SAMSPEL I FOKUS

Det er også i år tilbod om meisterklasse på Mokurset. Meisterklassa vert arrangert i samarbeid med Førdefestivalen. I år er det samspel som står i fokus. Dei vidarekomne på fele/hardingfele får skreddarsydd opplegg med saman med dei vidarekomne trekkspelarane. Instruktørane er dei aller beste: Jorunn Marie Kvernberg og Øyvind Sandum. Så meld dykk på innan 1. juni! Duoen Kvernberg/Sandum kan også opplevast fredag 4.juli  under Førdefestivalen!

Foto: Leif Vinsrygg

GRATIS LYNKURS I JØLSTRASPRINGAR

Torsdag 3. juli vert det gratis lynkurs i Jølstraspringar med Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide. Her kan du kome utan verken pengar eller partnar berre du har danselyst og dansesko. Bli med og lær nokre grunnleggande dansesteg og vendingar i den populære Jølstraspringaren!  Det vert gode høve til å nytte dansen på dansegolvet seinare under Førdefestivalen.

Silja Solvang og Maria Scheldrup Toppe

DANS EI HEIL VEKE

I år tilbyr Mokurset også full kursveke for dansarar. Her vil du få lære norsk folkedans på ein kreativ måte. Kurset vil fokusere på god samdans og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom kurset vil du i tillegg lære å bruke dansen kreativt saman med andre. I tillegg til sjølve dansen vil det også bli arbeida med improvisasjonsøvingar, koreografi og korleis ein dansar på ei scene.

Instruktørar vert to unge spreke jenter frå Hordaland. Silja Solvang som vil lære dykk å danse, og Maria Toppe er med både som musikar og dansar.

Silje Onstad Hålien og Torkjell Lunde Børsheim. Foto: Ingvild Skeie Ljones

PREMIERE PÅ KONG NOR

Laurdag 10. mai er det premiere på nyproduksjonen Kong Nor på Riksscenen i Oslo. Oppsettinga er ein hyllest til Grunnlovsjubileet, og eit historisk samarbeidsprosjekt på folkemusikkfeltet. Prosjektleiar er Gro Marie Svidal. Seinare i sommar kan du oppleve oppsettinga blant anna på Førdefestivalen.

Fordefestivalen25year

FØRDEFESTIVALEN PÅ TOPP TI LISTE !

Førdefestivalen er med lista over dei 10 beste småbyfestivalane i Europa i den store britiske avisa The Guardian. Førdefestivalen er den einaste norske festivalen som er med på topp ti lista.

Foto: Ingvild Skeie Ljones

MAAR: "VRANGSVEVD"

1. mai sleppte trioen MAAR sitt debutalbum "Vrangsvevd". Gruppa er samansett av Britt Pernille Frøholm frå Hornindal (hardingfele/fele), Irene Tillung frå Voss (trekkspill) og Ellen Brekken frå Tynset (bass). Plata inneheld musikk i tradisjonelle former, men i en ny innpakning. Her er alt frå friske springarar til vare bruremarsjar i trioens eigne arrangement. Turneliste er lagt ut nedanfor:

Dansefinale under FK2012. Foto: Leif Vinsrygg

DALE UL ARRANGERER DANSENS DAG

Dale UL innbyr også i år til feiring av "Dansens Dag" i Dalstunet 26. april kl. 1200. Det er høve for grupper frå andre lag, skular og kommunar til å melde seg på. Meir om programmet på "Dansens dag", finn du her.

Dalsfjorden spelemannslag Foto Kjell Thue

DANSEKVELD I TRUDVANG UNGDOMSHUS

26. april kl. 20.30 innbyr Dalsfjorden Spelemannslag og Dale Ungdomslag dansekveld i Trudvang Ungdomshus i Dale. Fana Trekkspelklubb kjem også på besøk og begge laga spelar opp til dans.

Linda Gytri.Foto: Jarle H. Moe

STATENS KUNSTNARSTIPEND TIL LINDA GYTRI

Kulturrådet har tildelt trekkspelar Linda Gytri frå Oldedalen Statens Arbeidsstipend for unge nyetablerte kunstnarar. Det var godt over over 8600 søknader til Kulturrådet sine ulike støtteordningar, og av desse var det om lag 10 prosent som nådde opp. Av desse igjen var det 9 som fekk Arbeidsstipend for unge nyetablerte kunstnarar, og folkemusikar, komponist og trekkspelar Linda Gytri er ei av desse. Stipendet er på 205 000 kr pr år, og Gytri er tildelt stipend for to år.

 

Jostedalen spl og dansarlag (c) Leif Vinsrygg

JOSTEDAL SPEL- OG DANSARLAG NOMINERT TIL "ÅRETS LOKALLAG"

Jostedal spel- og dansarlag er eit av dei tre nominerte laga til "Årets lokallag" i FolkOrg. Klæbu Torader- og dansarlag og Ål spel- og dansarlag er dei to andre nominerte. Prisen i år skal gå til lag som har gjort eit spesielt godt arbeid for å skape gode arenaer for dansen i møte med folkemusikken. 

Elin Grytting vert tildelt prisen frå leiar i folkemusikklaget Antonia Karete Kongsvik og dagleg leiar Dagrun Hesjevoll. Foto: Antonia Karete Kongsvik

ELIN GRYTTING TILDELT FOLKEMUSIKKPRISEN 2014

Elin Grytting vart under fylkeskappleiken på Sandane tildelt Folkemusikkprisen 2014 frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Les grunngjevinga nedanfor.

Vi gratulerer!

Foto Erlend Apneseth (c) Oddleiv Apneseth, Linda Gytri (c) Jarle H. Moe

GYTRI OG APNESETH TIL NORDIC DAYS I MURMANSK

Linda Gytri og Erlend Apnseth er inviterte til Murmansk for å spele på Nodic Days veka før påske. Det norske generalkonsulatet i Murmansk er arrangør av festivalen, og av andre norske artistar på plakaten finn ein blant andre Erlend Loe og Mari Boine. 

 

Fjelli UL. Foto: Mette Carlsen

FJELLI UL KÅRA TIL "ÅRETS SMØRBUKK"

Dansegruppa frå Fjelli UL vart kåra til "Årets smørbukk" då Smørbukk-kappleiken 2014 vart arrangert i samband med Fylkeskappleik på Sandane. Om lag 60 unge deltakarar frå heile fylket stilte opp med flotte innslag med song, dans og spel.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG