Det er to Frifond-ordningar som kan vere aktuelle for lokallaga:
Frifond organisasjon
Frifond Organisasjon er ei støtteordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar, og deira lokale og medlemsbaserte kulturelle aktivitet for born og unge under 26 år. Frifond organisasjons formål er å stimulere og nå ut til lokallag som er knytt til ein nasjonal frvillig organisasjon som har musikk som sik hovudaktivitet. FolkOrg søkjer kvart år Norsk Musikkråd (NMR) om midlar frå Frifond Organisasjon, som dei etter søknad frå lokallaga fordeler vidare til lokale aktivitetar.
I 2014 trådde nye retningsliner for Frifond organisasjon i kraft.
- Dei nye retningslinene kan du lese her
I samband med dei nye retningslinene har FolkOrg laga sine eigne retningsliner for si forvaltning av Frifond organisasjon.
- FolkOrg sine reningsliner finn du her
Kven kan søkje?
- Lag som er medlem hos FolkOrg.
- Lag med drift eller prosjekt for born under 26 år
- Lag med minst 3 personar
- Lag som er demokratisk oppbygd
- Lag som har eit allmennyttig siktemål
- Lag som arbeider i lokalmiljø (områdelag kan ikkje søkje Frifond Organisasjon, med unntak av områdelaget som fungerer som lokallag)
- Lag som har folkemusikk/folkedansmusikk som si hovudverksemd
Kven kan ikkje søjke?
- Områdelag/fylkeslag (Med unntak av områdelaget som fungerer som lokallag).
- Lag organisert av det offentlege
- Lag som er fortenestebaserte
- Lag som er basert på samverkeprinsippet
- Lag som er organisert og registrert som ei stifting
- Lag som er knytt til Norges Idrettsforbund eller med sitt formål knytt til idrett
- Lag som allereie mottar Frifond-tilskot av ein annan paraply
Laga kan få støtte til:
Drift (f.eks. faste øvingskveldar og møteverksemd), av lag med ein medlemsmasse (betalt kontingent 31.12 året før utlysning) der minimum 1/3 av medlemmene er u/26 år. Fordelinga av driftsmidlar føregår etter fordelingsnøkkel basert på summen av teljande medlem i laget.
Prosjekt og bestemte aktivitetar som kurs, reiser, samlingar, seminar osv. som rettar seg mot born og ungdom under 26 år, med målsetting om rekruttering. Her kan også lag som ikkje har minimum 1/3 av medlemsmassen under 26 år søkje. Fordelinga av projektmidlar føregår utan fordelingsnøkkel.
For lag med ein medlemsmasse der minimum 1/3 av medlemmene er u/26 år, er det mogleg å søkje både på drift- og prosjekttilskudd.
Søk no!
Send søknad til FolkOrg via søknadsskjemaet på FolkOrg si heimeside. Søknadsfristen er: 1. november 2014.
Lenke til søknadsskjema: http://www.folkorg.no/tid-for-aa-soeke-frifond-midlar-2014.5591986-137125.html
Avslag på søknaden? – fortvil ikkje.
Om du har fått stønad frå Frifond Organisasjon kan du ikkje søkje Frifond musikk. Får du avslag på søknaden hos FolkOrg, kan kursdeltakarane/arrangør-gruppa søkje Frifond musikk om tilskot til kurs, arrangement, konsert eller liknande for born og unge under 26 år. (Sjå under).
Frifond musikk
Det gjer du via Norsk musikkråd; sjå link her: http://www.frifond.no/musikk/retningslinjer
Dei har ingen søknadsfrist, du kan søkje gjennom heile året. Ver obs på at FolkOrg sine medlemslag ikkje kan stå som arrangør (Gjeld berre Frifond musikk).