SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har søknadsfrist 1. september. Finn søknadsskjema og informasjon om vilkår for gåvetildelinga her.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har søknadsfrist 1. september. Finn søknadsskjema og informasjon om vilkår for gåvetildelinga her.
Fristen for å søkje arrangørstøtte, prosjektstøtte til musikktiltak, prosjektstøtte til barn og ungdomskultur, støtte frå musikerordninga og støtte til fonograminnspillingar frå Norsk kulturråd er 2. september.
Det er ledig 50% stilling som dagleg leiar og folkemusikkoordinator i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Dette er ei treårig åremålsstilling. Søknadsfrist for stillinga er 1. september. Tilsetjing frå 1. oktober 2014.
Musikkutstyrsordninga gjev tilskot til: Framføringsutstyr, øvingsutstyr, akustiske tiltak samt bygging og utbetring av øvingslokale og musikkbingar. Meir om ordninga og søknadsskjema her.
14 folkemusikarar og -dansarar vil representere norsk folketradisjon på den fellesnordiske festivalen og konferansen "Tradition for Tomorrow". på Island 20.-23. august. Sogn og Fjordane er representerte med landskappleikvinnar på hardingfele Gro Marie Svidal, folkesongar Unni Løvlid, trekkspelar Linda Gytri og hardingfelespelar Torunn Raftevold Rue i trioen Glima.
For 15. gong er det klart for Sogn gammaldansfestival i Gaupne. Om lag 20 gammaldansgrupper frå fjern og nær er venta til Gaupne for å bli med på ei helg med musikk, dans og mykje moro. Dei som ønskjer å vere med å spele, kan melde seg på fram til 8. august.
Sigrid Moldestad med band turnerer denne veka i heimfylket. Onsdag 20. august kl. 2000 er det konsert i Aldaheim ungdomshus i Olden, Fuglesteg Fjellgard i Luster får besøk laurdag 23. august kl. 1700 medan Rognaldsvåg i Florø står på programmet søndag 24. august kl. 1300
Laurdag 23. august kl. 2000 vert det spelemannsfest i Hyen. Arrangørar er Hyen spelemannslag og Hyen Ungdomslag. Her vert det godt program, god mat og dans ut i dei små timar. På programmet i år står blant anna duoen Fromseier Hockings frå Danmark, Snaustrinda spelemannslag, Naustedalen spelemannslag og sjølvsagt vertslaget Hyen spelmannslag.
10. august vert det inspirasjonskurs for klarinettistar i Molde. Det vil bli fokusere på klarinetten som eit folkemusikkinstrument, både solo og i samspel. Instruktør på kurset vert Ine Nord frå Nordfjordeid. Arrangør er Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Påmelding innan 3. august.
Det vert konsert med Folkemusikklaget Havbrusen og songarane Henriette Hatlevoll og Ellen Marie Tveit på Nedre Tveit i Holmedal tysdag 5. august kl.1900. Arrangementet er ein del av Dalsfjordveka. Arrangørar er Folkeakademiet i Askvoll, Folkemusikklaget Havbrusen og Nedre Tveit.
Det vert konsert med MAAR under kulturdagane i Hornindal laurdag 2. august kl.1500 i hotellhagen på Raftevolds hotel. Trioen Maar med Britt Pernille Frøholm, Irene Tillung og Ellen Brekken kom ut med debutplata "Vrangsvevd" tidlegare i år.
Det vert også høve til å treffe Honndalsmusikken som er ute med plata "Bryljaupsafta", på stand under kulturdagane.
Arve Bjørn Røneid frå Jostedal spel- og dansarlag gjekk heilt til topps i klassa for durspel senior på landsfestivalen. Det vart klart på resultata etter årets finalespel vart avslørt under meisterkonserten på søndag. Andreplassen i klassa gjekk til Rikke van Ommeren frå Oppdal spell- og dansarlag medan Øyvind Sandum frå Oppdal tok tredjeplassen.
Britt Pernille Frøholm frå Hornindal spelemannslag vann klassa for solo fele/hardingfele under Landsfestivalen. Dermed er ho også klar for konserten i Operaen 23. november der mange av klassevinnarane frå LK og LF skal delta. Andreplassen i klassa gjekk til Jørgen Nyrønning frå Ålen spell- og dansarlag medan Torill Aasegg frå Heidal spel- og dansarlag tok tredjeplassen.