FolkOrg har i dag kring 4500 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.
Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner. Juryen for prisen er styret i FolkOrg som vel ut tre nominerte og ein vinnar av prisen ut i frå dei innsendte forslaga. FolkOrg marknadsfører alle dei nominerte laga på folkorg.no.
Det kan til dømes vere lag som ofte har konsertar og framsyningar – gjerne i samarbeid med profesjonelle musikarar, som er synleg i lokalmiljøet og som ofte blir brukt til å representere den lokale og regionale kulturen på ulike måtar, eller som skapar seg gode kontaktar også utanfor Noregs grenser, og som nyttar dei slik at laget får presenterer norsk folkemusikk og folkedansen også internasjonalt.
Einskildmedlemmer, lokallag og område/fylkeslag kan senda inn forslag. NB! Det viktig at det da er formulert ei grunngjeving i høve til dei kriteria det er lagt vekt på i 2015.
Prisen vert delt ut under FolkOrg sitt landsmøte 25. april 2015 på Riksccenen i Oslo.
Forslag skal sendast inn til marit@folkemusikk.no innan 1. mars. - UTSATT FRIST TIL 7.MARS
Ta og gjerne kontakt med Marit Vestrum mob. 45214352 og marit@folkemusikk.no dersom de har spørsmål i høve prisen.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag oppmodar våre medlemmer til å sende inn forslag på kandidatar. Les meir på FolkOrg sine heimesider her