Sigrid Moldestads «Brevet til kjærleiken» er kåra til årets album 2014 av «Under lupen» i Norsk på norsk. Albumet var det einaste som fekk toppkarakter seks gjennom radioprogrammet sine mange plateanmeldingar i løpet av 2014.
Måndag 9. februar 2015 fyller Petter Eide 90 år. Han har gjennom eit langt liv engasjert seg i folkemusikk og folkedans. Vi vil difor heidre han med å lage til eit jubileum på Sandane, laurdag 7. februar. Denne kvelden vert det stor dansekveld i Aulaen på Firda vgs. Spelemannslag og folkemusikkgrupper i Sogn og Fjordane er inviterte til å spele til dansen, og alle som vil kome og feire Petter Eide er velkomne. Feiringa startar tidlegare på kvelden med kulturprogram på Nordfjord Folkemuseum.
Tradisjonen tru arrangerer Jostedal spel- og dansarlag hardingfelekurs med Håkon Høgemo rett over nyttår. I år vert det i hovudsak fokusert på slåttar etter Lars Skjervheim, men det kan godt hende det blir høve til å lære andre godbitar også. Kurset startar fredag kl. 18.00 og held fram laurdag kl. 10.00. Det blir truleg også ei økt på søndag. Kursstad er Jostedal hotell.
Sigrid Moldestad kjem på førjulsturne. Ho kallar konserten ”Vintersong” og den vil med det ikkje berre innehalde julerepertoar, men også andre songar og låtar som passar den mørkaste årstida. Med seg på konsertane har ho eit venelag av flotte musikarar: Esbjørn Hazelius (Fele,gitar), Karl Johan Ankarblom (orgel, piano). Lisa Reuter(Cello), Linda Gytri (trekkspel), Anders Bitustøyl,(kontrabass) og Ole Andreas Olafsrud(Trommer). Vintersongturne har ni stopp på Vestlandet. Fullstendig konsertliste er lagt ut nedanfor.
I regi av Sogn og Fjordane kunstmuseum inviterer folkemusikarane Erlend Apneseth, Margit Myhr og Anders Löfberg til julekonsert på Eikaasgalleriet fredag 19.desember kl. 20.00. Konserten tek utgangspunkt i eit utval julesongar og religiøse folketonar frå Hallingdal og vert i tillegg krydra med slåttar og eigne komposisjonar.
På vegne av folkemusikarane Erlend Apneseth og Margit Myhr inviterer Gaular Spelemannslag til ein varm og stemningsfull adventskonsert i Hestad Kapell søndag 14. desember kl. 1800. Publikum vil få høyre eit utval vakre julesongar frå Hallingdal sin rike vokaltradisjon, religiøse folketonar og eigne komposisjonar. Opplev to sterke folkemusikarar som soloartistar og i samspel, og nyt førjulsstemninga!
Dei ti finalistane i kampen om Luttprisen 2014 er klare. Blant finalistane finn vi folkemusikkarane Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad og fjorårsvinnar Karl Seglem. Du kan stemme på din favoritt heilt fram til 8. desember. Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane si kåring av årets artist i Sogn og Fjordane. Vinnaren får eit stipend på 25 000kr frå Sparebanken Vest og eit spesialtrykk frå Oddvar Torsheim.
Alvhild Eldal, aktiv og trufast medlem i Gaular Spelemannslag, døydde 23.juli. Mest kjend var ho for arbeidet med å ta vare på og å føre vidare rosemålingstradisjonen på Viksdalen. Men Alvhild var ein allsidig kulturarbeidar og tradisjonsberar og spelte bokstaveleg talt på mange strenger.
I fjor gav Det norske solistkor ut plata "Ròs- Songs of Christmas". Torsdag 4. desember kl. 1930 kjem dei til Førde kyrkje for å halde julekonsert. Koret vert dirigert av Grete Pedersen. Med seg på laget har dei folkemusikarane Berit Opheim, Gjermund Larsen, Bjørn Kjellemyr og Rolf Lislevand. Julekonserten vert arrangert av FolkJazzScena.
Det vert stemningsfull adventskonsert med Margit Myhr og Erlend Apneseth i Jostedal kyrkje fredag 12. desember kl. 1930. Publikum vil blant anna få høyre eit utval av vakre julesongar, religiøse folketonar og eigne komposisjonar
Austrheim musikklag og Austrheim mannskor innbyr til "Ny konsert og gamal dans" laurdag 22. november kl. 20.00 i Hyen samfunnshus. På programmet står i tillegg til arrangørlaga også Stardalen mannskor, Henrik Silferhielm og Hyen spelemannslag. Etter programmet vert det dans ut over natta.