Konsert og dans
Aller størst forventningar vil nok publikum ha til To damer og to herrer. Gruppa består av søskenpara Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen. – Dette er ei suveren gruppe. Vi ser verkeleg fram til konserten i kultursalen i Trivselshagen laurdag kveld, seier Atle Nygård og Svein Hjellbakk i Jeremias-festivalen. Dei fire felespelarane skal opptre både som kvartett, duoar og solistar. – Etter konserten blir det dans med mellom andre Austrheim musikklag i Aulaen.
Barne-/familiekonsert og rallarkveld
Laurdag ettermiddag vil Grove Horn ha ein minikonsert i biblioteket i Trivselshagen, der dei fortel gamle historiar og spelar musikk til.
Men, Jeremias-festivalen startar allereie fredag 13. november med såkalla rallarpop med den svensk-norske gruppa Grove Horn, på Gloppen Hotell. – Det blir ein skikkeleg rallarkveld med rallarane sitt liv i fokus. Gruppa avsluttar ein lengre turné på Sandane. Dei spelar rallarviser, sjømannsviser, skillingsviser, lofferviser og fortel rallarhistorier, opplyser Svein Hjellbakk. Bakgrunnen for å ha valt dette som tema, har sjølvsagt med Jeremias Henden sitt liv som anleggsarbeidar og rallar å gjere. Han var mellom anna ein periode i Sulitjelma, noko som gav namn til den mest kjende komposisjonen hans, Sulitjelmagaloppen. Etter konserten men Grove Horn, vert det dans med Randis Orkester og Glopperaddane
Radiogudsteneste
Jeremias-festivalen 2015 blir avslutta i Vereide kyrkje søndag føremiddag. To damer og to herrer skal delta, det same skal hardingfelegruppa Honndalsmusikken, samt lokale felespelarar og songarar. – NRK Radio blir til stades og gjer opptak av gudstenesta som totalt vil vare om lag halvannan time. Den siste delen er via musikk og song, fortel Svein Hjellbakk og Atle Nygård.
Sjå heile programmet på wwww.jeremias.no
Sjå plakat her: DM-Jeremias-festivalen 2015.pdf
Formålet med festivalen er:
- å arrangere konsertar med topp nasjonale folkemusikkutøvarar som både er tradisjonelle, men også nyskapande og eksperimentelle i sin sjanger.
- å skape spanande musikk og konsertopplevingar, samt skape auka interesse for folkemusikk hos eit breitt publikum.
- skape ein arena der profesjonelle og amatørar innafor både spel, song og dans kan treffast og knyte kontakt til gjensidig berikelse.
- få fleire unge med i folkemusikkmiljøet
Det er Jeremias folkemusikkforeining som står bak Jeremia folkemusikk festival.
I styret sit: Svein Hjellbakk styreleiar, Atle Nygård dagleg leiar, Rune Nordvik og Øystein Eide styremedlemmer