Den nyoppretta klassa samspel junior samla i alt ni deltakarar. Den nye klassa inkluderer alle variantar av samspel for dei under 18 år også vokal. Innslaga varierte frå store spelemannslag, til feleduoar og samspel mellom hardingfele og gitar. Vinnarar av klassa vart Nikolai og Sverre (foto) som består av Nikolai Storevik frå Spelemannslaget Fjelljom og Sverre Sandvik frå Naustedalen spelemannslag. Myklemyrjentene følgde på andreplass medan Jostedal spelemannslag vart nummer tre. Foto av samtlege deltakarar er utlagd nedanfor.
I alt 13 par stilte opp i dans klasse A, B og C under fylkeskappleiken. C-klassa vart vunnen av Kristin Ringdal og Kenneth Hole frå Hornindal spml. medan Ingunn og Hallgrim Skjerdal frå Sogn spel- og dansarlag vann B-klassa. Leikny Aasen og Vidar Underseth frå Sogn of Fjordane folkemusikklag vann A-klassa. Dei oppnådde også den høgste poengsummen totalt og sikra seg med det dei nyoppsette vandrepremiane.
I lagdans stilte der to lag i junior og tre lag i seniorklassen. Sogn spel-og dansarlag (foto) gjekk til topps i lagdans senior medan spelemannslaget Fjelljom fekk beste poengsum av juniorlaga.
Deltakartalet i vokalklassene var ikkje det høgste dette året, men tilsaman 7 startnummer stilte opp i vokal rekrutt, rekruttgrupper, klasse C og D. Det var i år sett opp ein vandrepremie til beste deltakar i vokal, ein trebolle laga av Inge Gjul. C-klassingen Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag sikra seg første napp i denne.
I alt 21 solistar stilte opp i solo fele/hardingfele under fylkeskappleiken i Stryn. Sigmund Eikås vann solo fele/hardingfele klasse A, Dagfrid Vallestad Brevik (foto) vann solo fele/hardingfele klasse B medan Nikolai Storevik vann C-klassa.
Fotoseriar frå fele/hardingfeleklassene er lagt ut nedanfor Alle er tekne av kappleiksfotograf Leif Vinsrygg.