FOTO - Vokal
Fylkeskappleiken 14. april 2012:
Deltakartalet i vokalklassene var ikkje det høgste dette året, men tilsaman 7 startnummer stilte opp i vokal rekrutt, rekruttgrupper, klasse C og D. Det var i år sett opp ein vandrepremie til beste deltakar i vokal, ein trebolle laga av Inge Gjul. C-klassingen Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag sikra seg første napp i denne.
Nedanfor er lagt ut foto av deltakarane i vokal.