I høve opningskonserten på Vestlandskappleiken 2023 fredag 13. oktober kl. 19 i Gimle, Kong Oscars gate 18 i Bergen, vert det ei konsertførestilling sett saman av Fordjupingsprosjekt i folkemusikk og folkedans, eit prosjekt med 19 ungdommar i alderen 13-19 år frå heile Vestland fylke.
I løpet av 2023 feirar vi folkemusikken og FolkOrg, og dette kulminerast med jubileumshelga vår i Bergen 13-15.oktober. Det blir konsertar og boklansering. Og som seg hør og bør skal ei folkemusikkhelg ha ein dansefest. Ein stor og gild dansefest!
Vi gler oss til den store jubileumshelga i Bergen 13. - 14. oktober!
Vi vonar det blir ei helg der folkemusikken og folkedansen verkeleg sett byen på hodet, og at folk frå heile landet strøymer til Bergen.
Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen innan 18. september.
Holmedal bygdemuseum arrangerer "Tradisjonsmusikk til tusen" i Holmedal Bygdehus laurdag 2. september. Der set dei fokus på spelemannstradisjonane og folkemusikken i Dalsfjorden.