Torsdag 3. april kl. 19 spelar Ole Nilsen hardingfeleslåttar på trekkspel i Nordsalen på Sunnfjord kulturskule som ein del av Lyarscena!
Smakebitar frå Ole Nilssen sitt arbeid med å overføre speleteknikkar, harmoniføringar og formspråk frå hardingfele til trekkspel.
Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.
Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.
Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.
Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.
Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»
Billettar for sal på fordehuset.no
Hjarteleg velkome!
Lyarscena: Slåttespel på trekkspel
Torsdag 3. april kl. 19 spelar Ole Nilsen hardingfeleslåttar på trekkspel i Nordsalen på Sunnfjord kulturskule i Førde som ein del av Lyarscena!