Sigrid Moldestad gjev også ut et par nye låtar i samband med juleturneen. Tittellåten "Vintersong" er ein av dei. "Sover vreden på jorda når det er natt?" er startlinja på songen, og Sigrid seier det var alle dei sterke inntrykka frå media og ei verd i uro som fekk henne til å skrive den.
Sigrid Moldetad har gjeve ut 4 plater etter debuet som soloartist i 2007. Den siste kom i fjor. "Brevet til kjærleiken" med tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim tonesett av Moldestad. Plata vart mellom anna kåra til "Årets album", uansett genre i NKR P1´s "Norsk på Norsk".

Moldestad turnerar stadig med sitt eige band og har med sitt genreoverskridande uttrykk spelt på såvel Malakof Rockfestival, Førde Folkemusikkfestival og Vossajazz. Ho har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannsprisen for plata "Taus" i 2007. I tillegg til eigne prosjekt spelar ho også jamt i Karl Selglem Band.
Vintersong-turnéen:
27. nov - ÅSANE
28. nov - NORDFJORDEID
29. nov - BREIM
01. des - NORDDAL
02. des - ØRSTA
03. des - BRATTVÅG
04. des - SKJÅK
05. des - FAGERNES
06. des - ÅL
09. des - SOGNDAL
10. des - VOSS
11. des - ÅRDAL
12. des - FØRDE
13. des - ØYSTESE