Det konkrete resultatet av det nye samarbeidet er tidenes første Masterclass på Mokurset til sommaren. Instruktør er Håkon Høgemo - ein av våre aller fremste på hardingfele.
Mokurset er eit viktig kurs i folkemusikkmiljøet. Det vart første gong arrangert i 1984, og er det eldste kurset i sitt slag i landet. I år tilbyr dei kurs for born, unge og vaksne i folkesong, hardingfele, fele, trekkspel, toradar, folkemusikkgitar og folkeleg dans.
- For Førdefestivalen er det naturleg å ha eit samarbeid med folkemusikklaget, som gjer eit viktig arbeid i fylket, og vi syns det er særleg spennande å vere med på tiltak som kan utdanne fleire dyktige folkemusikarar, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.
På lista over våre mest kjende folkemusikkutøvarar som har gått på Mokurset, finn vi mellom anna Sigrid Moldestad, Ola Kvernberg, Jorunn Marie Kvernberg, Andreas Ljones, Gro Marie Svidal og Synnøve S. Bjørset.
- Det er god grunn til å tru at også framtidas festivalartistar har fått med seg viktig lærdom frå kurset på Mo! seier Bjørkum.
Mokurset vert i år for første gong arrangert i juli, i forlenging av Førdefestivalen.
- På denne måten kan dei to institusjonane dra nytte av kvarandre. Vi vil oppmode kursdeltakarane om å reise til festivalen for å oppleve profesjonelle konsertar og sjå nokre av verdas beste musikarar i aksjon. Dette gjev inspirasjon og viktige impulsar ein kan ta med seg vidare, seier Synnøve S. Bjørset, leiar i Folkemusikklaget, som er svært glad for å kunne tilby Masterclass for første gong på Mokurset.
- Det er prikken over i-en på den elles spenstige kursmenyen vår i sommar! Instruktør for Masterclassen er Håkon Høgemo, som tilhøyrer det øvste sjiktet av norske spelemenn, som også har eit sterkt namn internasjonalt.
Mokurset går av stabelen 10.-15. juli i år. Sjå www.mokurset.no
Sagt om Mokurset:
Eg vaks opp i eit område kor me ikkje var stort fleire enn bror min og eit par til på min eigen alder som spelte folkemusikk . Å kome til Mokurset og møte alle desse jamnaldringane som var interessert i denne musikken var til stor inspirasjon, og betydde veldig mykje for at eg heldt fram med folkemusikken. Eg lærte nye og artige slåttar, fekk ha mange flinke lærarar og ikkje minst vart eg kjent med mange av dei som framleis har eit sterkt engasjement for folkemusikken rundt om i landet.
(Jorun Marie Kvernberg - frilans felespelar m.a. som solist og i gruppene Tindra, Majorstuen og Unni Boksasp Ensemble)
Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og –dans, og har vore arrangert årleg sidan 1984. Mokurset er det eldste kurset av sitt slag i landet, og også det einaste som har eit særleg fokus på folkemusikk- og dansetradisjonar på Vestlandet.
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein av Norges knutepunktfestivalar og Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert gjennom 80 ulike festivalarrangement til 25-30 000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse. HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalens høge beskyttar. 7.-10. juli 2011 vert festivalen arrangert for 22. gong. Programinformasjon og andre opplysningar på www.fordefestival.no