Konsert og dans fredag kveld

Meisterspelemann Håkon Høgemo fekk æra av å spele kappleiken i gang, og heldt ein flott konsert for ein fullsett sal på Kroa fredag kveld. Etter konserten var det dans til musikk av både spelemannslag og solospelemenn.

Tevlingar laurdag

Tevlingane starta laurdag morgon og heldt fram langt ut over dagen. Deltakarar frå store delar av vestlandsfylka kappast om dommarane sin gunst, og det var mange flotte musikk- og danseprestasjonar. Særleg kjekt var det å sjå at det i C-klassen for fele/hardingfele var heile 14 startnummer, og at det generelt var eit høgt nivå i denne klassen. Vinnar Mathilde Skjæret fekk også tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris.

Tevlingskonsert og dans laurdag kveld

Laurdag kveld var det tevlingskonsert der deltakarar frå ei rekkje ulike klassar sytte for eit variert program med høg kvalitet. Kappleiksdebutantane Slåttedrusarane Spelemannslag vart etter applausen å døme publikum sine største favorittar. Etter tevlingskonserten var det dans ut i dei seine nattetimar på Kroa.

Resultata frå Vestlandskappleiken 2011 finn du her.