Kurset gjekk over to dagar.
Laurdagen starta med gjennomgang av enkle oppstartingsdansar for dei yngste som songleikar og lette musikkdansar. Det vart fokusert på dei viktigaste prinsippa for leiing av dans med unge i barnehage- og småskulealder. På ettermiddagen vart det gått gjennom litt om gruppeinndeling av dansane. (Songleik, songdans, turdans, bygdedans, runddans) Og det vart undervist i høvelege dansar for litt eldre born (10 – 14 år.) I den siste økta på laurdagen vart det sett på grunnform av springar og parhalling og oppbygging av progresjon. Deltakarane fekk også prøve seg på instruksjon.
På søndagen vart det i tillegg til repetisjon sett på runddansar som passa for ungdom over 14 år. Ungdomsgruppa i Fjelli ungdomslag kom innom og synte nokre av dansane dei bruker. Dei stilte også opp som ekte prøveelevar for deltakarane på instruktørkurset. Dermed vart det ein god og realistisk læresituasjon.
Folkemusikklaget håper kurset vil bidra til å få i gong fleire dansegrupper rundt om i fylket og slik sett betre rekrutteringa innan dans.