VEDTEKTER
SOGN OG FJORDANE-KAPPLEIKEN
1. INNLEIING
§ 1. FolkOrg sitt gjeldande tevlingsreglement skal vere retningsgjevande for Sogn og Fjordane-kappleiken.
§ 2. Sogn og Fjordane Folkemusikklag skal i samarbeid med lokal tilskipar syte for at det vert lagt ei verdig råme for kappleiken.
2. FØREMÅL
§3. Målsetjinga er å samle deltakarar, andre utøvarar innan folkemusikk- og dans, samt andre interesserte elles for å styrkje interessa for folkemusikken og – dansen i regionen. Særleg viktig er det å ta vare på det lokale mangfaldet i dialektar og tradisjonar innan spel, song og dans
3. TILSKIPING
§ 4. Sogn og Fjordane-kappleiken skal vere ei årleg tilskiping i samarbeid mellom SFFL og eit lokalt medlemslag i SFFL. Lokal tilskipar kan knytte til seg andre samarbeidspartar i tillegg.
§ 5. Lokallaget som ønskjer å vere lokal tilskipar søkjer SFFL om å vere teknisk arrangør av kappleiken. Er det fleire søkjarar, avgjer styret i SFFL kven som skal ha tilskipinga. Det bør leggast vekt på at kappleiken vert halden flest mogeleg stadar i fylket.
4. ØKONOMI
§ 6. Overskot vert fordelt slik: 90% til lokal tilskipar og 10% til SFFL.
Eventuelt underskot vert å drøfte mellom styret i SFFL og lokal tilskipar.
§ 7. Det skal vere eit rimeleg forhold mellom deltakaravgift og premiering.
Generelt følgjer ein FolkOrg sine retningslinjer når det gjeld deltakaravgift.
§ 8. Deltakarbilletten gjev fritt tilgjenge til dei vanlege tilskipingane under Sogn og Fjordane-kappleiken. Dette gjeldalle deltakarar. Enkeltutøvarar, grupper og lag kan ikkje krevje økonomisk godtgjering for dansespel, o.l
5. TEVLING
§ 9. På Sogn og Fjordane-kappleiken skal klasseinndelinga vere slik:
Spel fele/hardingfele: A, B, C, D
Dans fele/hardingfele: A, B, C, D
Vokal: A, B, C, D
Lausdans: A, B, C, D
Andre folkemusikkinstrument: jr., sr.
Gruppespel fele/hardingfele: sr.
Lagspel fele/hardingfele: sr.
Spel, solo runddans: jr., sr.
Gruppespel, runddans: jr., sr.
Lagspel, runddans: sr.
Dans, runddans: jr., sr.
Open klasse
Samspel: jr.*
Lagdans, bygdedans: jr., sr. (3 par jr. og 4 par sr.)
I tillegg er det ope for rekruttklassar.
Deltakarar heimehøyrande utanfor fylket stiller i eigne gjesteklassar.
I klasse C og D kan ein sjølv velje om ein ønskjer å tevle som par eller som følgje dersom berre den eine er over 60 år.
Tevlingane skal elles avviklast i tråd med FolkOrg sitt gjeldande tevlingsreglement.
*Samspel jr. går inn for gruppespel og lagspel jr.
§ 10. Alle deltakarar på Sogn og Fjordane-kappleiken skal vere medlem av FolkOrg.
6. DØMMING
§ 11. SFFL har ansvar for å peike ut sakkunnige dommarar. Det skal vere tre domarar i kvar av desse tevlingsgreinene:
-
spel, soloklassar i hardingfele, fele og andre folkemusikkinstrument, gruppe- og lagspelklassar.
-
dans
-
vokal
§ 12. Dommargjerninga er å rekne som eit tillitsverv og blir ikkje godtgjort økonomisk. Lokal tilskipar skal dekke opphaldsutgifter for dommarane, samt dekke reiseutgifter skal etter gjeldande satsar i statens reiseregulativ. FolkOrg sitt tevlingsreglement gjeld ved spørsmål om habilitet.
7. PREMIERING
§ 13. Lokal tilskipar skal følgje FolkOrg sitt tevlingsreglement når det gjeld premiering. Rekruttar skal ikkje ha poeng eller vanleg premiering, men kan få munnleg tilbakemelding.
8. UNNTAK FRÅ VEDTEKTER
§ 14. Lokal tilskipar som ønskjer å gjere unntak frå desse vedtektene må søkje styret i SFFL.
Vedtektene vart sist revidert på årsmøtet 16.4.2023. Då vart Fylkeskappleiken byta ut med Sogn og Fjordane-kappleiken. Før det vart vedtektene revidert 30.05.2016.