Folkemusikklaget ønskar at det skal arrangerast TØFT-samlingar i vår i Sogn og Fjordane. Dette kan vere helgesamlingar, dags- eller kveldskurs, konsertar, dans eller noko anna folkemusikkrelatert, alt etter kva de ynskjer og har kapasitet til å arrangere. Kriteria er at midlane skal gå til miljøskapande aktivitetar til folkedans- og folkemusikkinteressert barn og ungdom i Sogn og Fjordane i alderen 9 – 18 år. Det er òg eit krav at arrangementet skal skje innan 31. mai og at ein kort rapport og enkelt rekneskap skal vere sendt inn innan 15. juni.
Søknadsfristen er 4. mars
Søknadsinfo
Dette skal vere med i søknaden:
- Arrangør
- Søkesum
- Budsjett
- Kontonummer
- Info om arrangementet - svar på så mange de kan svare på:
- Kor mange skal vere med? Kva aldersgruppe?
- Kvar? Når?
- Korleis vert arrangementet vert gjennomført?
- Kven er evt. instruktørar?
Send søknad til post@folkemusikklaget.no.