Her vil de få tekstar av Anders Hovden, Matias Orheim, Dorothe Engelbrektsdatter, Samuel Olsen Brun og mange fleire. Musikken er roleg, nær og intens. Så her er det berre å kome, roe ned og nyte.
Mange hugsar glasduoen Draup frå Norske talenter på TV 2, og frå Sogn og Fjordane teater sitt stykke om Matias Orheim, som nyleg trakk fulle hus kringom i fylket. Unni Løvlid er ein av våre fremste folkesongarar, og er frå Hornindal. Ho har gjeve ut tre soloalbum So ro liten tull, VITA og RITE på GRAPPA musikkforlag. Saman med Draup har ho no arrangert folketonane, og varleg forma dei til sine.
I tillegg til kyrkjekonsertane skal trioen besøkje Hornindal aldersbustad 14.desember og Holmedal aldersbustad 15.desember.
8. des kl.18.00 Jostedal kyrkje
9.des kl. 20.00 Leikanger kyrkje
10.des kl. 20.00 Førde kyrkje
11.des kl. 20.00 Ålhus kyrkje
12.des kl. 18.00 Arbeidskyrkja på Sandane
13.des kl. 20.00 Ervik kyrkje
14.des kl. 20.00 Eid kyrkje
15.des kl. 18.00 Holmedal kyrkje
Billettar selgast i døra.
Turneen er i samarbeid med Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane sparebank, Folkeakademiet i Sogn og Fjordane, Nordfjord kyrkjeakademi, Gloppen Musikkfest