UNGLÅT er eit vestlandsk sommarkurs for folkemusikk og folkedansinteresserte barn og ungdom i alderen 9 til 18 år. Her vert det kurs i hardingfele, fele, trekkspel, folkedans og masse leik og moro med dyktige og kjekke instruktørar! Kurset skjer i høve Førdefestivalen og deltakarane på UngLåt får anledning til å vere med på opningskonserten til festivalen gjennom UngLåt!

Sjølve kurset skjer på Sunnfjord folkehøgskule som i sommarmånadane er Førde sommarhotell. Der får deltakarane bu på 2 til 5-mannsrom. Om natta vert deltakarane passa på av nattevakter om ein treng noko. Der er kantine der ein får servert både frukost, lunsj, middag og kveldsmat som er inkludert i kurset. På folkehøgskulen er der spelerom med biljard, fussball, pingpong, masse brettspel, gymssal, volleyballbane og eit fint og grønt uteområde.

Det vert òg valfag og fellesøkter på UngLåt. I desse øktene får du lære om andre delar av folkemusikken og folkedansen og vere med på kjekke leikar og aktivitetar. Valfaga kan ein velge når ein kjem til kurset og er avhengige av kven som er instruktørar kvart år. Fleire av instrukørane er ofte artistar på Førdefestivalen, som ein kan sjå spele på konsertane på festivalen.

Dersom deltakaren født i 2014 eller seinare, er det krav om at deltakaren har med følgje av vaksne som òg overnattar på Sunnfjord FHS. Foresatte/ familie til deltakarar som er 11 år eller meir kan også tinge overnatting. Det er eigne prisar på overnatting for ikkje-deltakarar - ta kontakt på e-postadressa nikolai@folkemusikklaget.no så finn vi den løysinga som passar dykk.

Vi treng òg frivillige nattevakter til UngLåt 2024. Ta kontakt med nikolai@folkemusikklaget.no om du har lyst og moglegheit til å hjelpe til. Det set vi stor pris på!:)

Nytt av året er eit drop-inn folkedansekurs som vert onsdag 3. juli i gymssalen på Sunnfjord FHS med Tone Ingvaldsen! Her trengs det ingen påmelding. Det vert på følgjande tidspunkt:

kl. 12:00-13:30: Kurs for dei frå 8-12 år

kl. 14:15-15:45: Kurs for dei frå 13-19 år

 

Om du lurar på noko om UngLåt, spør dagleg leiar i SFFL via post@folkemusikklaget.no. Påmelding HER!

Velkomne til eit kjekt sommarkurs 2.-4. juli! :)

 

FACEBOOK-hendinga