Kurset er eit tilbod til ungdomar frå 10 år og oppover, og som ønskjer å fordjupe seg i tradisjonsmusikk og -dans. Det blir kurs i hardingfele, song, toradar og dans.
På toradar- og hardingfelekurset blir det hovudvekt på arrangering av folkemusikk, der deltakarane får lære slåttar og korleis dei enkelt kan arrangere desse innanfor tradisjonelle råmer. Dette krev at deltakarane bør ha spelt instrumentet sitt i minst to år.
Instruktørar:
toradar: Rannveig Djønne mfl.
song: Kari Finne Sognnæs
hardingfele: Lajla Buer Storli, Frank Rolland, Johanna Mjeldheim, Jon Jelmert, Erlend Apneseth, og Steinar Rygg
rytme: Kåre Oppheim
Kurset er lagt til Voss Husflidskule, og deltakarane kan overnatte på Voss Vandrarheim. Det blir også lagt opp til ein eigen kurskonsert og dans på vandrarheimen laurdag kveld. Søndag er det felles skitur for alle deltakarane!
Påmelding innan 10. januar. Påmeldingsskjema og meir info finn du her.
Kursavgift: kr 500,- (for søsken kr 200,- for dei neste)
Pris for mat/overnatting: Kr 1 000,- pr. per person inkl. - 2 overnattingar i 4-6-sengsrom - 2 frukostar - 2 middagar - 2 nister frå frukostbuffet (det blir òg servert frukt og drikke til lunsj) - sengeklede