Talent 2008, i regi av Førdefestivalen, har fått UNESCO-tittelen «Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds.»

Tittelen er ein heider til unge artistar for arbeidet deira for å fremje dialogen mellom arabisk og vestleg kultur.

I grunngjevinga for prisen står det at Talent 2008 er eit innovativt prosjekt og eit døme på framifrå arbeid for å auke felles forståing og kulturell utveksling gjennom musikk. I 2008 var deltakarane frå Norge, Egypt og Palestina, og møttest både under Førdefestivalen og året etter i Egypt.

Gjennom Talent-prosjektet møtest tre musikarar i alderen 18–25 frå tre land. Eit av desse er Norge.

Dei lever tett på kvarandre ei veke under Førdefestivalen, og skapar musikk saman under rettleiing av to kunstnarlege leiarar. Gjennom å arbeide saman på tvers av musikalske, språklege og andre kulturelle grenser, er eitt av måla at dei unge musikarane skal utvikle seg både musikalsk og menneskeleg.