STERK KONKURRANSE I LAGSPEL

Det knytta seg stor spenning til om fjorårsvinnaren, Gamlebanken spelemannslag, ville klare å forsvare gullmedaljen frå i fjor. Laget med utøvarar frå Jølster, Gaular, Naustdal og Luster, konkurrerte mot 19 lag frå heile landet, og etter finalespelet var det klart at Gamlebanken i år fekk bronsemedaljen.

Gullmedaljen gjekk til Mukampen Spelemannslag, medan Lom Spelemannslag fekk sølv. Indre Sunnfjord Spelemannslag, Dalsfjorden Spelemannslag, Vindfylla Spelemannslag og Naustedalen Spelemannslag deltok også i lagspelklassen.

Foto: Mari Skeie Ljones

POPULÆR DANSEKLASSE

Ein av dei mest populære klassane på Landsfestivalen, er den relativt nye danseklassen. I år var det heile 45 påmelde dansepar i seniorklassen, og etter innleiande runder vart 8 par plukka ut til finalen.

Mellom dansefinalistane var det to par frå fylket: Irene Hestvik og Leon Årdal (Indre Sunnfjord Spelemannslag) og Synnøve S. Bjørset og Elling Sølvberg (Indre Sunnfjord Spelemannslag/Spelemannslag Fjelljom).

Sjå film frå dansefinalen her.

Heile resultatlista for Landsfestivalen i gamaldansmusikk finn du her.