Det vert òg utstilling av feler frå dei største musikarane i området. Det heile starta med at dei fekk i hende ei fele som felemakar Arne Rivedal laga i Oslo i 1908. Denne ligg no på Holmedal Bygdemuseum, og ho er årsaka til dette arrangementet.
Gro Marie Svidal, Egil Furenes og Dalsfjorden Spelemannslag står for musikken, det vert intervju med Henning Rivedal, og ellers tek dei fram historia til museet.
Det byrjar med kafé i 1.etg i Holmedal Bygdehus frå kl 17:00 - 18:00, og så opnar ordførar Ole André Klausen arrangementet kl 18.
Vel møtt!
"Tradisjonsmusikk til tusen"
Holmedal bygdemuseum arrangerer "Tradisjonsmusikk til tusen" i Holmedal Bygdehus laurdag 2. september. Der set dei fokus på spelemannstradisjonane og folkemusikken i Dalsfjorden.