Velkommen til ungdomssamling i Jostedalen 19.-21. januar 2018!
 
Denne helga blir det fokus på Sogn på alle kursa, og vi har nokre av dei beste instruktørane Sogn har å by på!
 
Toradar: Baste Antun
Song: Elin Grytting
Dans: Anne Kristin Haugen Halveg og Morten Vigdal
Hardingfele: Hallgrim Skjerdal og Mathilde Skjæret
 
På laurdagskvelden blir det konsert med lokale utøvarar og sjølvsagt dansefest på kvelden! Jostedølane serverer topp musikk, og alle er sjølvsagt velkomne på festen! Det beste av alt? Helga er gratis for alle!
 
Det blir overnatting på flatseng på skulen (ta med liggeunderlag/madrass, dyne/pute, handkle og toalettsaker).
 
Vi håper mange har lyst til å ta turen til Jostedalen – ta gjerne med ein kompis eller to!
 
TØFT er eit rekrutteringsprosjekt for ungdom i Sogn og Fjordane som driv med folkemusikk og folkedans. Formålet med prosjektet er å samle og rekruttere ungdom mellom 12 og 18 år frå fylket til sosiale ungdomssamlingar fordelt på fire helger i året.
 
Prosjektet er støtta av Folkorg/Dextra musica, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Rådet for folkemusikk og folkedans.