I veke 10 reiser Gabriel Fliflet og Jorun Marie Kvernberg ut på turné. I Sogn og Fjordane held dei konsert i Stryn, Balestrand og Fjaler, i tillegg til eit par i nabofylket Møre og Romsdal. Sjå meir om spelestadar nedst i artikkelen - og velkomen til konsert!
Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med trekkspel som hovudinstrument og med lang fartstid innan ei rekke ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusikar i 2011. Jorun Marie Kvernberg spelar fele, hardingfele og harpeleik og er ein av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spelmannsprisen to gonger og er den einaste som har vunne den ærerike "Edvard-prisen" for komponering i sjangeren folkemusikk.
Gabriel og Jorun Marie renn over av speleglede – både når musikken toppar seg i høgspente kraftutladningar og når han flyt stille og poetisk. Dei følgjer kvarandre tett, både med underfundige smil og breie glis! Når tida er mogen, bryt dei ut i song.
Du får høyre festlege folketonar som smyg seg inn, men aller mest ny musikk laga av musikarane sjølve. Jorun Marie Kvernbergs musikk er prega av hennar oppvekst sentralt i spelmannsmiljøet i Romsdal. Her er luftige viser med plass til vemod og uventa svingar. Her er feleslåttar med mykje harpiks og mange glade knips. Musikken til Gabriel Fliflet er melodiøs, men med et eige tonalt særpreg; du kan spore tonar og rytmar frå både Hellas og Hardanger, finske skogar og nordsjøkystar.
Jorun Marie Kvernberg er sentral i fleire av Noregs fremste folkemusikkgrupper: I den priskrona felekvintetten Majorstuen, trioen Tindra og Unni Boksasp Ensemble. Dei siste åra har ho også dyrka solospelet, og fått stor respekt for sin lysande, kraftfulle tone, sin virtuositet og for djerv musikalsk nyskaping.
Mange kjenner Gabriel Fliflet frå hans samarbeid med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, eller frå hans prosjekt basert på eigne bestillingsverk. Blant desse er Åresong, som han laga saman med Jon Fosse til Festspillene i Bergen 2010. Valseria frå 2013 er ein hyllest til valsen og tretakten, og det var her Jorun Marie og Gabriel begynte samspelet.
PRESSEKRITIKK:
"Gjennom en times konsert på Bakeribygget spilte Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet med slik innlevelse at mkrofonene ble skeive, Kvernberg hev etter pusten og Fliflet så ut som han var på vei ut av stolen sin flere ganger. (...) Kvelden var fullspekket med glede og fantastiske prstasjoner, høydepunkt etter høydepunkt."
Rana Blad, 16.3.2015
"Det er forskjell på musikere, også på profesjonelle musikere. Gabriel Fliflet og Jorun Kvernberg har alt. De behersker sin kunst til fulle. De formidler musikken til publikum med smil og øyekontakt. De viser en sånn overstadig glede over å spille at man som tilhører blir fullstendig forført."
Herøyfjerdingen, 17.3.2015

Turnéplan:
Skogstjerna, Markane, Stryn - 7. mars kl 18:30
Fjelljom Spelemannslag spelar opp til dans etter konserten.
Billett kr 150.
Aasentunet, Ørsta - 8. mars kl 19:00
https://www.facebook.com/events/1858399797750508/

Lensmannsstova, Hellesylt - 9. mars kl 19:00
https://www.facebook.com/events/784679181684130/

Ciderhuset - Club Bele, Balestrand - 10. mars kl. 19:00
https://www.facebook.com/events/491492807905527/
Ciderhuset opnar dørene kl. 18.00, og det er høve til å kjøpe Ciderhus-suppe til kr. 150 pr. pers. før konserten. Dersom de ynskjer å ete suppe før konserten, kan det vere lurt å tinge på førehand på tlf. 908 35 673 / 984 77 765 eller post@ciderhuset.no
Konserten tek til kl. 19.00. Inngang kr. 150 for medlemmar av Club Bele og kr. 200 for andre.
Straumnes Grendahus, Fjaler - 12. mars kl 17.00
https://www.facebook.com/events/1863439347257660/
Billetter kr, 200 ,- Pause med sal av kaffe og kake.
Det vil og verte fellesnummer av Fure og Våge Songlag / Dalsfjorden Spelemannslag.
Konserten dei skulle hatt på hotel Tørvis i Marifjøra lørdag 11. mars er avlyst.

Foto: Runhild Heggem