Tindra er ein allsidig trio som formidlar tradisjonelle songar og slåttar i eigne arrangement for song, fele og trekkspel, men også slår til med eigenkomponerte låtar med tekstar av ulike norske lyrikarar. Forutan ei lang rekkje konsertar for både barn og vaksne i Norge, har Tindra turnert i Vietnam, India, Georgia og Sudan.
Under Førdefestivalen 2009 hadde Tindra urframføring på tingingsverket Den kvite hjorten, ei familieframsyning der Tindra har tonesett versa i Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. I sitt neste prosjekt tek dei føre seg den tradisjonelle folkemusikken frå Rogaland, heimfylket til songaren Åshild Vetrhus. På sin eigen og særprega måte har dei arrangert slåttar, slåttestev, viser og balladar dei har leita fram frå djupe arkivskuffer. Og gjennom songane møter vi kattungar som kjøper sko, ein liten blå bukk, kjæringar som frys, og sjølvgode friarar med dårleg drag på damene.
Program for julemarknaden 2010 ser slik ut:
Laurdag 6. november:
12.00–16.00: Marknadssal, marknadskafé og marknadslotteri.
20.00–00.30: Marknadsfest for heile familien. Festbillett: 250,- for vaksne over 18 år, 50,- for skuleborn/ungdom.
Sal av mat.
Konsert og dansespel Tindra: Åshild Vetrhus (song), Jorun Marie Rypdal Kvernberg (fele, hardingfele, song) Irene Tillung (akkordeon), Dalsfjorden Spelemannslag Gaular Spelemannslag
Søndag 7. november:
12.30–16.30: Marknadssal og marknadskafé. Raspekakemiddag vert servert til 15.30. Pris kr 100 / kr 70. Sal av kaffi, brus og kaffimat. Trekking av marknadslotteri 16.00.
Arrangørar er: Alvhild og Einar Eldal, Gaular Spelemannslag, Eldalsdalen Grendalag