Det er to Frifondordningar som kan vere aktuelle lokallaga:
Frifond organisasjon
Frifond Organisasjon har som formål å bidra til auka aktivitet i lokallaga i dei store nasjonale organisasjonane.
Frifond er ei ordning der:
- Tilskot kan gå til lag som generell grunnstønad til oppstart, drift og aktivitet.
- Tilskot kan gå til lag øyremerka for prosjekt eller bestemte aktivitetar.
- Tilskot kan gå til laga etter interne søknadsprosedyrer i organisasjonen.
- Tilskot kan gå til laga etter fordelingsnøklar basert på talet på medlemmer i laget.
- Krins-, fylkes- eller regionleddet kan ikkje motta tilskot frå Frifond. Unntak frå dette er organisasjonar der fylkeslaget fungerer som lokallag.
FolkOrg er medlemsorganisasjon for lokale laga våre, og har ansvaret for å fordele Frifond organisasjon til lokal aktivitet. Retningslinene for Frifond organisasjon skal no omarbeidast, og nye retningslinjer vil vere gjeldande frå og med 2014.
Regelen om at tilskot berre kan delast ut til lag med minst 1/3 (33%) av medlemmane under 26 år, gjer at fleire lag som driv opplæring av barn og unge ikkje får stønad. Dette er ein av reglane ein no prøver å omarbeide, og NMR har i 2013 gitt FolkOrg løyve til å handsama dette punktet med skjønn. NB: Det vil seie at også lag som planlegg eller driv opplæring av barn og unge, men ikkje fyller aldersfordelingskravet, i år kan søkje om Frifondtilskot gjennom FolkOrg, som da vil gjere ei skjønnsmessig vurdering av søknadane.
Dette er dei sentrale krava for å søke:
- Dei lokale laga og gruppene må vere demokratisk oppbygde
- Dei lokale laga og gruppene må ha eit allmennyttig siktemål
- Dei lokale laga og gruppene må ha kulturaktivitet som ein del av si verksemd
- Dei lokale laga og gruppene skal arbeide i lokalmiljøet
- Dei lokale laga og gruppene skal arbeide for og med barn og unge under 26 år
- Berre lag som har minst 1/3 (33 %) av medlemmene under 26 år, kan få tilskot. (Sjå ovafor)
Fylkeslag/områdelag kan berre søkje om dei fungerer som eit lokallag.
Søk no!
Send søknad til FolkOrg via søknadsskjema som du finn nederst på sida, og søknadsfrist i 2013 er: 1. november 2013.
Avslag på søknaden? – fortvil ikkje.
Om du har fått stønad frå Frifond Organisasjon kan du ikkje søkje Frifond musikk. Får du avslag på søknaden hos FolkOrg, kan kursdeltakarane/arrangør-gruppa søkje Frifond musikk om tilskot til kurs, arrangement, konsert eller liknande for born og unge under 26 år.
Frifond musikk
Det gjer du via Norsk musikkråd; sjå link her: http://www.frifond.no/musikk/retningslinjer
Dei har ingen søknadsfrist, du kan søkje gjennom heile året. Ver obs på at FolkOrgs medlemslag ikkje kan stå som arrangør (Gjeld berre Frifond musikk).
Søknadsskjema til Frifondmidlane finn du på www.folkemusikk.no på denne lenka.