Under temaet Sameksistens ønskjer den 23. Førdefestivalen å vise korleis fredeleg samkvem mellom kulturar og folk påverkar musikk- og kulturtradisjonar på alle kontinent. Direktør Hilde Bjørkum har sleppt heile det omfattande programmet for festivalen, som med over 80 arrangement på fire dagar er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i landet.
Spansk flamenco møter indisk raga
Indiske Anoushka Shankar har gått i faren, legendariske Ravi Shankar, sine fotspor og etablert seg som ei av dei store stjernene i internasjonal verdsmusikk. -Det er fantastisk å få presentere Anoushka Shankar og hennar flotte musikarar i Førde. Ho let ragamusikk og flamenco smelte saman, slik berre ein meister kan. Dette er ein konsert som kjem til å setje spor, seier Hilde Bjørkum, som også har sikra seg ein av verdas leiande songarar, israelske Yasmin Levy til festivalen. Ho syng på ladino, det spansk-jødiske språket, og er den fremste eksponenten for sefardisk musikk. Stjernesongarar er også Alireza Ghorbani frå Iran og Dorsaf Hamdani frå Tunisia. I Ivresses tolkar dei den verdskjende persiske poeten og filosofen Omar Khayyam sine verk, i det som på same tid er eit unikt møte mellom den persiske og arabiske verda.
Halling møter kung fu i ny FRIKAR-framsyning
Ei av framsyningane festivalen er ekstra spent på, er FRIKAR dance company: «8». Her møter koreograf Hallgrim Hansegård og tre av våre beste lausdansarar kinesiske kung fu munkar til akrobatikk og rørslekunst. Musikken er nykomponert av Marco Paus. - Både vi og publikum har hatt store opplevingar med FRIKAR dance company i Førde. Det vert spennande å sjå kva «8» vil gje oss, seier festivaldirektøren.
Sterke europeiske tradisjonar The Other Europeans er ein unik produksjon som er eit handslag til den rike musikkarven frå sigøynarar og jødar i Europa. Fjorten av verdas fremst solistar innan klezmer- og sigøynarmusikk er med. Alan Bern er pianist og produsent, og blant solistane finn vi cimbalom-virtuos Kálmán Balogh, Petar Ralchev på akkordeon og Adrian Receanu på klarinett. Desse musikarane er trekkplasteret på den store utekonserten fredag kveld, 6. juli.
Frå Mali, Cuba og Irland
Frå Mali kjem Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba. Bassekou Kouyaté har løfta tradisjonsinstrumentet ngoni fram i lyset, og eventyrleg suksess dei siste åra gjer at han for lengst nyt stjernestatus både heime og ute. Kamel El Harrachi frå Algerie spelar fengjande châabi, og fyller stadig fleire konsertsalar. På same måte fyller cubanske Septeto Santiaguero dansegolva med sine eminente salsarytmar. Det finst visst ikkje betre på Cuba. Og i irsk folkemusikk er det få som kan hamle opp med populariteten til Lúnasa, som laurdag 7. juli inntek den store utescena i Førde.
Ukjend kultur for første gong i Norge Ensemblet
Sidi Goma vert også kalla «Dei svarte sufiane frå India», og er etterkomarar av aust-afrikanske flyktningar som busette seg i Gujarat i India for 800 år sidan. Denne afro-indiske kulturen har vore totalt ukjend for resten av verda inntil for ti år sidan. Både små og store bør få med seg det det spektakulære synet av ansiktsmåla dansarar og musikarar når dei viser oss sufidansar og andre mytiske og mystiske skikkar.
Norske namn i toppsjiktet
Andre store norske namn på plakaten er Nils Økland, Knut Hamre og Benedicte Maurseth, som spelar europeisk tidlegmusikk og eigne komposisjonar på dei eldste hardingfelene som er å oppdrive. Ragnhild Furebotten kjem med seks av landets beste blåsarar i konserten Never on a Sunday. Trio Mediævel med Berit Opheim og Birger Mistereggen tek hand om den alltid populære midnattskonserten i kyrkja.
Nye produksjonar - nye konsertstader – nye opplevingar!
Festivalen markerer Lindemansjubileet med famsyninga Skjønn Anna og Lindeman og tre generasjonar hardingfelespelarar frå Jølster planlegg å sleppe første plata si, Jølster 2012, under festivalen. Dei som her tek pulsen på musikktradisjonen i heimbygda Jølster anno 2012, er Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, Erlend Apneseth og Sigmund Eikås. I år vert det også både fjelltoppkonsert og barnekonsert ute i det fri, når festivalen i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag inviterer til konsert på Hafstadfjellet.(706 m o h) og konsert på idylliske Hundsrasta.
Festival for heile familien
Førdefestivalen legg vekt på å ha konsertar, verkstader og aktivitetar for folk i alle aldrar. Barnebillett på vanlege konsertar kostar kr 50,-, og i tillegg er vi ekstremt rimelege for ungdom og studentar! –Vi har ei lang rekkje gratisarrangement kvar dag, og søndag inviterer vi til ein svært populær familiedag i Førdehuset, med stort sett gratis konsertar og aktivitetar, avsluttar direktør Hilde Bjørkum. Første dag av festivalen inviterer ho kulturaktørar dagskonferanse om publikumsbygging, under tittelen Inn med publikum – ut med fordommane.